lørdag 30. august 2014

Bjørsonfestivalen

 Eg hadde ei alternatv overskrift til dette blogginnlegget, nemleg; forkjøla forfattarfrue.  Men eg bestemte meg fort for å ikkje la forkjølinga øydelegge helga.
 Øystein vart invitert til Bjørnsonfestivalen lang tid i førevegen.  Midt i veka fann eg ut at eg hadde lyst å vere med.  Han ordna det praktiske. Eit vennepar slo seg med.  Då Mette Marit uttalte at ho gjerne skulle ha vore att i Molde og lytta til samtalar om litteratur, tenkte eg at eg får stille opp!

 Natt til fredag låg eg vaken med sår og slimete hals.  Kofferten stod ferdig pakka.  Avtalen var at eg skulle bli henta etter at eg var ferdig med undervisningstimane mine.  Timane på skulekjøkenet gjekk greitt.  Eg sette meg ned på ein stol innimellom, noko eg svært sjeldan gjer.  Trass dårlegare allmenntilstand, ville eg vere med!

I Molde var det 20 grader og sol.  Eg gjekk i jakke og fraus.Vel framme på hotellrommet på Alexandra la eg meg ned.  Der sov eg i tre timar medan forfattaren åt lunsj og hadde kontakt med arrangørane.  Eg vakna, tok meg eit par paracetar og gjekk ut på byen med fleire vener. 
 I dag har vi vore med på tre arrangement.  Det første var opplesing med tre forfattarar: Stefan Spjut, Eva Runefelt og Øystein Orten.

Det andre var TILBAKE I TIDA der Svein Sæter intervjua eller starta samtalar om litteratur med Kristin Maridal, Lars Petter Sveen og Øystein Orten.

Desse to arrangementa var obligatoriske.  Etterpå fann vi ut at alle hadde lyst på NOVELLEMESTEREN der Alf van der Hagen samtala med Kjell Askildsen.
På utescena er det tale og musikk kvar dag under festivalen.

No sit eg med ei kjensle av at eg har fått mange smakebitar av litteratur som eg må heim og tygge på.  Det første eg skal gjere, er å lese ferdig ei novelle av Askildsen som ein forfattar las starten på.

Der var mange fleire arrangement eg kunne tenkt meg på i år.  Det er artig å vanke i miljøet.  På frukosten og på Teateret vårt sin kafé var vi omgitte av kjendisar.

Så får vi sjå om det vert tur neste år! I dag er eg ikkje i tvil!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...