mandag 11. august 2014

Kjensla av ...

Det er tid for utflytting.  Yngstemann har fått god hjelp av juristen til å installere seg i hovudstaden.  Hybelen ligg i ein annan etasje, men svært nær der han budde i nesten fem år. Yngstemann skal studere nordisk/norsk i første omgang.

Eg har begynt å få erfaring i at born flyttar ut. No er det fem år sidan sist.  Men kjenslene er dei same. Vemod kjenner ein fordi ein epoke er over både for ungdomen og foreldra.  Samtidig er det spennande for begge partar. Korleis vil ein trivast? Korleis går studiane? Eg vert svært rastlaus dei første dagane.  Det er ein tilvenjingsprosess.  Men som eg plar seie: Det er berre ein ting som er verre enn at dei flyttar ut, nemleg at dei ikkje gjer det!

Elles er eg glad for at eldstemann er attende i bygda.  Kanskje fleire av søskena tek det valet etter kvart.

Mannen er no i hovudstaden for å hente bilen.  Juristen skal settast av på Terningmoen i Elverum der han skal begynne på krigsskule.

Frøkna vert einebarn i to år framover medan ho gjer seg ferdig med studiespesialiserande på vidaregåande.

Eg innser at eg begynner å bli vaksen ...

Elles får vi ønskje alle studentar og elevar lykke til med oppstarten.  Sjølv håper eg å starte onsdag.




5 kommentarer:

  1. Åh ja, det er en tid med meget blandede følelser. Jeg ved lige, hvordan du har det, da jeg også står midt i, at yngstemanden flytter i egen hybel.

    SvarSlett
  2. Ja det er litt rart når de flytter ut.
    Men jammen er det godt også.
    Eldste sønn kom tilbake etter flere år
    i egen bustad. Håper vel han flytter snart igjen.
    Ha ei riktig god uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje lett for verken foreldre eller born at dei flyttar heim etter å ha budd for seg sjølv... I periodar kan det vere ei løysing.

      Slett
  3. Forstår kor du he det .
    Lukke til med skulestart. Ny rektor òg :)

    SvarSlett
  4. Takk for det! Spennande tider på jobb- på meir enn ein måte!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...