mandag 25. august 2014

Bok 45: Vi ses i morgen

I denne romanen vert mange menneskeskjebnar fletta inn i kvarandre.  Alle slit dei med noko.  Ein har spelt vekk pengane sine og veit ikkje korleis han skal få frukost på bordet.  Ei veit ikkje kven som er far til barnet ho ventar. Fleire har diagnosar. Lesaren ser for seg typane.

Språket er herleg. Menneskeskildringane fantastiske. I lydbokutgåva les forfattaren sjølv, og det gjer han glitrande.  Humoren i romanen kjem ekstra godt fram.

Denne romanen trur eg dei fleste vil like.  Eg ser at mange gir han terningkast seks, og det kan eg forstå. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan kome til å ta fram denne når eg skal kåre årets bok kring nyttår!

4 kommentarer:

  1. Flott med annbefaling.
    Må ha noko anna enn rettleiingspensum ;-)

    Ha fin sommarveke :-)

    SvarSlett
  2. Eg las den i fjor og kåra den(i alle fall for meg sjølv) til årets beste bok. No har eg lese den for andre gong, og då var den i grunnen enda betre. Har sett meg på venteliste for oppfølgaren som kjem i haust.(Det var derfor eg las den om att no).

    SvarSlett
  3. Denne likte eg òg veldig godt. Forfattaren las sjølv, noko eg meiner gjorde boka ekstra fin å høyre som lydbok.

    SvarSlett
  4. Og no såg eg på GOD BOK at ein kunne få alle songane som er nemnt i teksten.........ja, eg forstår meg ikkje heilt på korleis. Eg synest at "bitar" av songane godt kunne ha vore med i lydboka. Men då hadde det vel blitt ei plate eller to ekstra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...