søndag 24. august 2014

24. august

 I dag vakna vi til fint ver.  Etter frukost tok vi med oss kaffikoppane ut i hagen.  Der hoppar kaninane rundt i kvar sin luftegard.  Når vi kjem ut, håper dei på godbitar.  Spesielt den eine vert glad når ho får solbær.  slike dagar får både menneske og dyr nyte.  Vi ønskjer oss fleire slike dagar.  Akkurat no høljar det ned ute.
 Journaliste har oppdrag i Molde i dag, så vi laga middag tidleg.  Det vart lammegryte til middag og plommer frå eigen hage til dessert.  I går kokte eg plommesylte av plommer frå Ørsta.
Inspirert av ei vennine eg var i selskap til tidlegare i veka, fann eg fram fleire små vasar og fylte med blomster frå hagen og krukkene.
Til ære for dei som sprang halvmaraton i går, fann eg fram ein premievase og fylte med blant anna ei Peacerose. Resultatlister ligg her   -om nokon skulle vere interessert.

3 kommentarer:

  1. Vi åt frukosten ute. Gjer det om sommaren så sant veret tillet det :-)
    Har regna litt no i ettermiddag, men trur det verste har gitt seg..
    Sprek gjeng du har fostra ;-)
    Fin ny veke!

    SvarSlett
  2. Det var grunn til å feire den spreke familia di.
    Rart ver, deilig temperatur, akkurat no er det sol i horisonten.
    Fin ny veke !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...