mandag 20. januar 2014

Ny genser til mannen

 Farmengenseren eg strikka til han i fjor var strengt tatt litt liten.
 Så då eg såg genseren i heftet der vesten min var, fekk eg lyst til å strikke han ein ny.  I staden for å strikke den halsen og sette i ermar, tenkte eg at eg kunne bruke oppskrifta til genseren til yngstemann.  (Den strikka eg i blått, ikkje brunt som i oppskrifta.)

Genseren vart også relativt rimeleg, for eg hadde nok restar i kvitt og blått i Mitu frå Rauma, eit garn eg liker godt. Eg valde ein litt mørkare brunfarge enn i mønsteret.  Både mottakaren og eg er godt nøgde med både storleik og fargeval.
Mønstera fann eg i desse to hefta frå Sandnes - om nokon lurer.

6 kommentarer:

  1. Så flink du er!
    Den vart veldig fin.

    God natt :-)

    SvarSlett
  2. Der var mange fine genserar og jakker i det heftet. Men genseren til Øystein vart finare enn begge modellane du gikk ut frå. Øystein kledde den også!

    SvarSlett
  3. Såg/høyrde akkurat ein interessant og spennande video på nrk.no med mannen din. Eg skal lese boka hans når eg har lese ut Vassmo si. Han hadde på seg ein fin gensar, men eg er usikker på om det er den du viser her...

    SvarSlett
  4. Veldig flott genser, blått og brunt er nydelig sammen

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg og er svak for den kombinasjonen.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...