mandag 6. januar 2014

Fin kufte?

Eg har vorte med på ei facebookside som heiter Strikkesida.  Der er det mykje inspirasjon å finne.  Den store slageren for tida er Nancykofta.  Mor mi har tenkt å strikke systera mi ein genser i det nydelege mønsteret. 

Sjølv har eg forelska meg i ei anna kufte som har dukka opp der.  Det er eit gamalt mønster som dei har strikka opp att i andre fargar. På facebooksida fekk eg vite at mønsteret skulle kome i Hjemmet.  Eg har studert modellen litt no.  Både strikkefasheita for garnet og ermlengda verkar litt merkeleg.  Men bestemmer eg meg for å gå laus på prosjektet, skal eg nok finne ut av det.  Eg har litt tid til å bestemme meg, for eg liker ikkje å strikke på to ting om gongen.

No er dette ein reklamefri blogg, men eg må berre nemne at der var mykje anna fint i strikkebilaget til Hjemmet denne veka ...

6 kommentarer:

  1. Du er dyktig!
    Og litt snik reklame er det no lov å drive ;-)

    SvarSlett
  2. Forresten, det heiter vel snikreklame i eit ord?
    Språk er spennande :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Snikreklame eller ikkje. Det snik seg i alle fall inn litt reklame ;-)

      Slett
  3. Har kjøpt dette bladet eg og... Mønsteret har stått før i Lev Landlig. Kjempefin kufte

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sikkert same kufta. Noko kort i ermane, i alle fall til modellen.

      Slett
  4. Hei!
    Gamle kofter har blitt veldig populært igjen, og jeg har hivd meg på bølgen jeg også, og har bl.a. lagt ut en del oppskrifter på bloggen min! Se her: http://cathskreativehjorne.blogspot.no/search/label/Retro%20strikkeoppskrifter
    Livs Lyst har jo også flere oppskrifter, og Sandes Garn like så.

    Det var hyggelig her hos deg! Ønsker deg en fin dag!

    Klem Cathrine :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...