torsdag 30. januar 2014

Bok 6: katakombens hemmelighet

Onsdag skulle vi ha lesetime i klasse 9A. Eg hadde lagt att boka eg held på å lese heime, så eg stakk inn på biblioteket og lånte ei ny som eg ikkje har klart å prakke på nokon av elevane. Systera mi har nettopp lese og anbefalt romanen.

Hendinga er lagt til mellom anna katakombene i Roma, Oslo og Lærdal/Borgund stavkyrkje. Det handlar om katakombar som fell saman, munkar, spøkelse(?) og om at verda kan gå under.  Her er mystiske symbol og profetiar.

Robert 14 år vert ikkje teken på alvor i Roma.  Han er "berre eit barn" og får ikkje hjelpe mor si som er arkeolog, med utgravingar i Roma.  Han tjuvlåner ein nøkkel og låser seg inn i katakomben. Der startar det heile.

Boka er spennande frå byrjing til slutt.  Ho høver for ungdomsskuleelevar, som seinare vil like vaksenromanane til Tom Egeland og Dan Brown.

Eg synest ikkje det er rart at Ark har gitt den barnebokpris og at anmeldarar gir den terningkast 6.  I morgon håper eg at ein av elevane mine vil ta med seg romanen heim og lese han i helga!

1 kommentar:

  1. Kjekt å høyre at du likte den! Eg les meg opp på ungdomslitteratur i ledige stunder, men innser at eg ikkje er i målgruppa.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...