onsdag 4. september 2013

Motivasjon er så mangt

Neste veke kjem det eit nytt hefte frå Rauma. Side 14 i heftet er det ein herregenser i Mitu som eg har fåttt lyst til å strikke til journalisten.  
Før den tid, skal kofta, eller jakka, bli ferdig.  Der er ein del monteringsarbeid, ikkje så reint lite heller.  Men eg er i gang. Plan for dagen er å få ferdig venstre stolpe , så eg kan begynne å strikke høgre med knapphol.  Eg har strikka saman jakka på skuldrene. Halsen kjem eg til å strikke rund.  Det fekk eg støtte til av svigerinna mi på Kongsberg. Ermane må syast pent i.  Dei skal ha rynker på toppen. Jakka skal nok bli fin, men det vert ei stund til eg strikkar noko så avansert igjen.

Det er litt meir motiverande å strikke seg plagg som ein kan ta i bruk med det same. Denne håper eg vert for varm i minst ein månad til ...
 

2 kommentarer:

  1. Jakka ser iallfall fin ut, nydelege farga.
    Du er flink til å strikke, ikkje redd for å starte på
    utfordrande oppgåver :)

    SvarSlett
  2. Litt utfordrande må det vere for å vere interessant, synest eg. Og ein har att for pirket.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...