torsdag 26. september 2013

Hot kvardagssuppe

 Inspirasjonen til dagens middag kom frå førre utgåva av regionsavisa.  Oppskrifta har eg sett ein annan stad også, men eg hugsar ikkje kvar. Eg laga sjølvsagt min eigen vri. I staden for svinekjøt steikte eg ein lyllingfilet til kvar.  No les eg at suppa er til to personar.  Det må vere ein glipp.  Denne mettar fire, vil eg tru, spesielt om ein serverer surmjølkslappar til dessert som eg gjorde.

NB! Sidan kikertene stod midt inne i suppeoppskrifta, kom eg ikkje på å ta av dei til garnityr, så dei vart med i suppa.  Kanskje like godt?

Ingrediensar:
1 boks kikerter til garnityr?
400 g svinekjøt eller kylling i strimlar
olje til steiking
salt og pepar

2 stk gulrot, i terningar
1 stk løk, hakka
2 ms olje
2 ms (BM:ss) raud karripasta
1 boks hermetiske tomatar
1 boks lett kokosmjølk
7 1/2 dl hønsbuljong ( terning og vatn - ev kraft)
salt og pepar

1. Surr grønsakene eit par minutt i olje.
2. Ha i karripastaen og fres eit par minutt til.
3. Ha i resten av ingrediensane og kok i 15 minutt.
4. Steik og krydr kjøtet.
5. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar.

Server med godt brød til!


Vurdering
Suppa var god den.  Men sjølv er eg nok meir glad i mildare supper.  Ein kunne gjort som eg gjorde med søtpotetsuppa, ha i kvitløk og t.d. 1 ts timian.

Eg synest slike supper er ein fin måte å få i seg grønsaker på.  Eg veit at mange er skeptiske til lett kokosmjølk.  Eg synest det er greitt i nokre rettar.  Ein får hugse på at kokosfeittet er metta plantefeitt.

5 kommentarer:

  1. Las den oppskrifta i Regionsavisa, Den liknar mykje på Gunda si Mulligatawny-suppe. Men den er trulig meir og annleis krydra.

    SvarSlett
  2. Eg kunne tent meg å bruke krydder i staden for karripasta som er krydder m.m.

    SvarSlett
  3. Trur der er karripasta i Gunda si suppe også? Sjekk "Smalhans".

    SvarSlett
    Svar
    1. Der er det madras curry-pulver. Men kanskje karripastaen passar?

      Slett
  4. Sikkert ei god suppe. Må prøves en gang
    Ha ei riktig god helg :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...