søndag 1. september 2013

Bok 42: Flink pike

Denne thrilleren startar med at Amy forsvinn på deira femte bryllaupsdag, papirbryllaupsdagen.  Ektemannen vert ganske snart mistenkt for mord.  Korleis kan ein elles forklare det vekkvaska blodet på kjøkengolvet?  Fleire andre bevis eller indisium peikar mot han.

Nick sitt liv utviklar seg til eit mareritt.  Det gjer det ikkje betre at han har ei ung elskerinne som han no bør skjule.

Men kvar er Amy? Ho som har vakse opp med å vere hovudpersonen i ei barnebok.

Mor mi far assosiasjonar til Fay Weldon, og det forstår eg.  Amy kjenner til elskarinna, og ho har lagt ein utspekulert plan.

Det er to eg-personar i romanen, nemleg Nick og Amy. I lydbokutgåva vert dei sjølvsagt lesne av ei kvinne og ein mann.  Det fungerer godt.  Romanen vert driven framover av at vi får avdekt lag på lag kva som skjer og har skjedd.  Og vi ser det frå to kantar. Sympatien svingar.

Eg likte romanen svært godt. Her er spenning til siste slutt, og der er mykje å godte seg over undervegs.





1 kommentar:

  1. Eg lurte på korleis forfattaren skulle få til ein god slutt-
    Og slutten vart faktisk veldig bra. Eg likte boka godt!!!!!!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...