mandag 19. august 2013

Knekkebrød

Eg har ikkje hive meg på knekkebrødbølgja enno.  Til det er eg for glad i mjukt brød.  Men så fann vi denne oppskrifta i den nye kokeboka, og frøkna ordna ut før ho for på trening.  Eg tok meg berre av steikinga. Knekkebrøda vart sprø og gode.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dei kan bli ein klassikar på skulekjøkenet. Viss ein deler dei i mindre bitar, kan dei sikkert brukast som kjeks.
2 dl sammalen kveite, grov
2 dl havregryn (vi brukte små)
1 dl solsikkekjernar
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl linfrø
1/2 ts salt
3 1/2 dl vatn

1. Set steikeomnen på 160 grader.
2. Bland saman alle ingrediensane
 3. Fordel blandinga jamn utover eit bakepapirkledd steikebrett.
4. Steik i 10 minutt.
5. Ta ut brettet og skjer i høvelege ruter.
6. Steik vidare i ca 1 time, til knekkebrøda er sprøe.
7. Avkjøl på bakerist.
8. Oppbevar knekkebrøda i ein tett boks eller i eit Noregsglas til dømes.

Våre knekkebrød vart sprø og gode.  Om dine ikkje vert det, bryt du dei frå kvarandre og legg dei utover steikebrettet.  St omnen på 100 grader og set steikeomnsdøra på gløtt.  Eg bruker å sette ei tresleiv i døra når eg tørkar brød til kavring.

4 kommentarer:

  1. Vi konsumerer store mengder med Wasa-og har tenkt å halde fram med det. Prioriterer å bake mjukt brød. Dei heimelaga knekkebrøda eg har smakt, har vore steinharde.

    SvarSlett
  2. No vart eg freista til å prøve å lage knekkebrød igjen
    Brukte det mykje tidlegare, men det vart hardt for
    gamle tenner...dyrt også. Men kan ikke vere bombesikker på at det var knekkebrøda si skuld..
    Det er iallfall godt.

    SvarSlett
  3. Desse såg gode ut!
    Skal prøve dei ein dag eg er i form til det.
    Fekk plutseleg ei sykje kasta på meg.
    Feber m.m. Satsar på at eg vert like fort frisk igjen som eg vart sjuk.
    Ha fin dag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. God betring! Godt ned variasjon i kosten!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...