torsdag 27. desember 2012

Sonjas vottar og hue

Når jula nærmar seg, skulle ein ønske ein hadde strikka, baka og sylta, slik at ein kunne gi vekk julegåver med personleg preg.  Slik vart det ikkje i år heller...
Men siste veka før jul fekk eg sjå ein kollega sitte med Allers nr. 59.  Der var det oppskrift på Sonja frå Reisen til julestjernen si hue og vottar. Det er islandsk design og norsk ull, stod der.  Eg heiv meg rundt og strikka hua.  På pinnar nummer 9 gjekk det raskt.  Hua vart pakka inn, men vottane var ikkje ferdige då vi bytta gåver. Eg rekna med mottakaren forstod det eg skreiv på kortet om at ikkje heile gåva vart ferdig til jul.  Med tre trådar Easy på pinnane vart vottane utruleg tjukke og gode.

2 kommentarer:

  1. Vi såg eit bilete av Sonja på eit grautstativ på Rema 1000 i dag, og ungane utbraut: det er heilt likt! Ungane mine vert imponerte av denslags, og det var verkeleg fine ting!

    SvarSlett
  2. Eg fall for dei då eg såg mønsteret - og eg har ikkje sett filmen enno. Men ein veit aldri kva ungdomar vil ha.
    Neste år får eg begynne litt før ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...