lørdag 8. desember 2012

Frisk att!

Det hender eg tenkjer eg må legge ut eit lite blogginnlegg elles så trur blogglesarane at eg er sjuk.  I går måtte det ha skjedd frå godstolen.  Der sat eg frå eg kom heim til eg la meg relativt tidleg.  Dagen starta med at eg var usikker på om eg skulle gå på jobb.  Eg tenkte eg fekk gå, og så fekk eg gå heim om eg ikkje greidde det.  Mine siste krefter tok eg ut på å lage 140 lussekattar saman med elevane.  Så ringte eg etter skyss heim.

I natt har dei to yngste vore på nattcup, og studenten vart henta om morgonen - utan at eg har ensa det.

Og eg som skulle handle god mat til studenten kom, og kjøpe julegåver som skal sendast!  Vanlegvis får eg berre eit snev av sykjer.  Det har vore relativt stort fråver i elevflokken. Elevar som seier dei er kvalme, sender eg rett heim.  Fleire enn meg har hatt mageverk og kvalme.

Når ein er sjuk, har ein berre eitt ønske: Å bli frisk.  I dag greidde eg å drikke ein kopp kaffi litt ut på dagen, og etter det har eg erklært meg frisk.  Heldigvis. Men eg har halde meg heime og vaska og styrt litt.  Ein bør kanskje sette ned tempoet litt?

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

3 kommentarer:

  1. Ja, du bør sikker sette ned tempoet. Heime går det sikkert greitt, verre på jobben. Skal studenten jobbe i ferien? Viss ikkje så kan no han styre på i huset.Eg har god tid, men gjer ikkje så veldig mykje.Neste veke blir det mykje flakking på oss.
    Ta det med ro i helga så du kjem til krefter igjen.

    SvarSlett
  2. Det er det som er planen! Studenten har meldt seg som vikar, så får vi sjå.

    SvarSlett
  3. Det er mange sjuke hos oss òg, både blant kollegaer og elevar. Ein får berre kle seg godt og håpe det beste.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...