lørdag 1. desember 2012

1. desember

I dag vart det ein liten bytur på meg ni i kveldinga.  Eg stakk innom Prinsess og kjøpte meg ein ny "voksduk".   Den gamle juleduken er så mørk at han tek mykje av lyset i rommet.  Denne kan eg bruke både til lilla og raudt.

I dag fann eg fram lilla lys som eg har kjøpt på Nille for 10 kroner lyset og ein serviettpakke til 10 kroner på Coop.

Elles har eg gjort ei ny oppdaging i dag.  Ein ting er at berre ein butikk i bygda har korintar i sortimentet sitt, i dag var det sjølvsagt tomt, noko anna er at ungdomane ikkje veit kva det er!  Eg liker ikkje at det stadig kjem slike påminningar om at ein vert eldre.

God helg!

4 kommentarer:

  1. Kjempefin duk! Eg såg på slik i raudt, men fann ut at hjarte var minst like fint som stjerner, og til 1/3 av prisen (eg skulle ha fire meter).

    SvarSlett
  2. Dine dukar var og fine! Eg må innrømme at eg såg ikkje på prisane, trudde dei kosta omtrent det same. Og så har eg raud duk frå før.
    Det går litt i periodar med meg. Av og til får eg lyst på fargar, av og til får eg lyst på kvitt.

    SvarSlett
  3. Eg såg etter korintar på Coop i dag, men fann ikkje. Begynner å bli lei av å spørje etter alt eg ikkje finn.Korintar plar vere problem kvar jul.

    SvarSlett
  4. Eg har ein pakke, så det får berre bli litt langt mellom korintane i aprikossylta!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...