onsdag 31. oktober 2012

Bok 52: Det som ventet meg

Denne romanen fortel om ei iransk jente,Masoumeh, som veks opp i Iran.  Ho vert gifta vekk då ho er 16 år til ein mann som er politisk aktiv mot sjahen.  Det hasta å få henne gift fordi ho har snakka og forelska seg i ein ung gut ho ikkje kan få.

Vi får god innsikt i korleis folk tenker om familie og ære.  Hovudplagg for jenter vert også tatt opp.  Elles er det ein fin balanse i romanen.  I det arrangerte ekteskapet er også mannen pressa av sin familie.

Eg synest forteljinga om eit kvinneliv er interessant. Vi følgjer henne frå ho er ung til ho har passert 50. Det vil seie, forfattaren har ikkje vit å setje punktum.  Det at ho møter att barndomskjærasten, vert berre hakket for mykje.  Ikkje har ho lært av livet heller.  Banda andre har lagt på henne, held ho no på sjølv.  Dette må kanskje sjåast ut ifrå kulturen.  I Iran var romanen for sterk kost.

Masoumed vert ikkje politisk interessert nok etter min smak.  Visst får ho studere på universitetet.  Burde ikkje det få konsekvensar?  Rett nok er ho tøff mot familien sin etter kvart. Det er kanskje summen av små opprør som endrar verda?

Når det gjeld språket i romanen, prøvde eg å vere tolerant.  Men her føler ho alt i hjartet sitt.  Og så kan ho dø både for det eine og det andre. Språket vert "klissete". Noko av det kan kanskje skuldast kulturskilnader.

2 kommentarer:

  1. Eg har også lese denne boka. Likte mykje ved den, men som du reagerte eg på språket. Og eg tenkte, som du, at det har med kulturen i landet å gjere.likte at slutten vart som den vart. Trur det er viktig å lese bøker frå andre land, for betre å forstå korleis ei tenker.

    SvarSlett
  2. Eg likte ikkje slutten, men den kunne ha vore verre dvs. "they lived happily ever after".

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...