søndag 8. mai 2011

Det er konfirmasjonssøndag i bygda

 Og sidan vi skal ha konfirmasjon om eit år, tenkte eg det kunne vere ein idé å fotografere hagen med tanke på kva vekstar som er på sitt finaste no.
 Her er det berre å plante løkar til hausten, ser eg!  Dei få eg sette i fjor, er fine, men få.
 Her skal det ryddast.  Kuleprimulaene er fine enno i dette skyggebedet.
 I går tok eg opp av beda nokre skogskjeggplantar som hadde sådd seg sjølv.  Dei skal få godt stell før dei kjem i rett bed.
 Kuleprimulaene sår seg og sjølv.  Eg mistenker dei for å krysse seg.
 Tulipanar og pinseliljer.
Eg kjøpte 50 narsissar i blanding ein gong.  I tillegg har eg påskeliljer i eit anna bed.

No gjeld det berre å ta fram att bilda i haust og slå til med løkar i store mengder!

Det har vore ein nydeleg, varm dag i dag og.  For dei som skal gå i bunad, er deti kkje så om å gjere med steikande sol.  Vi er inviterte i etterpålag klokka sju.

4 kommentarer:

  1. Klokt lage seg hageoversikt..
    Men hugs ingen garanti for at nett desse blømer til neste år på denne tid ;-)

    Kos dokke i etterlag!

    SvarSlett
  2. Nei, det er sant, men perleblomster og påskeliljer trur eg er sikre. I fjor hadde vi ein sein vår, året før tidleg. Eg skal leite fram bilde etter kvart.

    SvarSlett
  3. Vi hadde planlagt storstilt planting av løkar sist haust, men vart for seine. Derfor er ikkje hagen vår slik han plar vere på denne årstida. Løkplantar er utrulig fint på denne tida, raude tulipanar er min løk-favoritt, så til hausten skal eg ikkje spare på kronene når eg handlar inn.

    SvarSlett
  4. Ikkje eg heller! Eg hadde blanda raude og cerisse.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...