tirsdag 5. april 2011

Kva kan brukast i skulen?


Det var kjekt og lærerikt å vere på bakekurs med Morten Schakenda.  Men så er det nokon som spør.  Kan det vi har lært brukast i skulen?

Heile grunnidéen med bakinga hans er at ting tek tid.  Det er med lang heving og ulike prosessar at ein får fram den gode smaken, og ikkje minst konsistensen, i baksten.  Dei gamle bakarane og husmødrene kunne kunsten, men så tok industribakarane over.  Deira brød vert laga på to timar.  Der føler mat og helse-lærarane seg skuldige, for er det ikkje omtrent så mykje tid vi har?

Når vi sjølve set deigar, slik eg skal gjere i morgon til kantinegruppa, er det berre eit spørsmål om kor tidleg ein vil stå opp?  Eg skal sette bolledeigar som skal bakast ut andre time, og møter ein halvtime-tre kvarter før for å førebu.    Vi får sjå kva vi får til.  

Vi bakar grovbrød for tida.  Desse to elevane dyppa brøda sine først i vatn, så i graskarkjerner og til slutt i sesamfrø.  Rekkjefølgja er ikkje tilfeldig.  Tek ein dei små frøa først, vil ikkje dei store feste seg lærte vi laurdag.  Dypping er lurare enn pensling.

2 kommentarer:

  1. Når eg skulle bake bollar på skulekjøkkenet med dei yngste elevane, sette eg deigen med kald væske før eg gikk heim dagen før, og sette deigen i kjøleskapet til neste morgon. Tok den fram med det same eg kom til skulen, og etter ein time ca var den perfekt til utbaking utan mjøl og søl. perfekt for små barn og dei små elevane.Ein kan gjere noko liknande heime.Har ei veninne som brukte å sette digre deigar av kald væske om kvelden , og så hadde ho god tid på å bake dei ut neste dag.

    SvarSlett
  2. Eg har prøvd, men funne ut at andrehevinga vert raskare med deig ein lagar same dag. Men det spørs viss ein hadde høve til å slå den ned ein gong, sidan det er andre time, meiner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...