søndag 17. april 2011

Palmesøndag

Enkelte dagar berre flyg.  Slik har det vore med dagen i dag.  Eg har drive med diverse skrivearbeid i tillegg til baking og husarbeid.  Litt kaffikos har det vorte tid til. Eg laga dobbel porsjon av Schakenda sine kveitebollar. Det er herleg å kunne stå opp og sjå på veret kva ein skal finne på.  Men no ønskjer vi oss sol!

Resten av familien har vore opptatt med fotball.  Yngstemann har vore på trening.  Jentelaget har vore i Volda og vunne 5-4.  Journalisten er i Molde på frilansoppdrag fot VG.  Elles har det vore Liverpoolkamp på TV, og ein kan visst sjå Stokekamp på PC-en med spansk kommentator.
I år kan eg ikkje sjå ei einaste lita påskelilje i hagen.  I fjor kom mange opp.  Eg trudde eg skulle samle til ei heil rad, men i år er dei vekke.  Kva har skjedd?  Har kulden tatt knekken på dei?  Dei store, vanlege lever.  Det er desse små ein grev ned etter at dei har pynta i krukker ute og inne som manglar. Kanskje dei kjem att berre eitt år? Tulipanane, som eg trur er av typen "Rødhette", ser ut til å ha overvintra.  Skal eg grave desse på bildet djupare når den tid kjem?

4 kommentarer:

  1. Eg er ikkje sikker det hjelper! Mine kom heller ikkje.Kanskje virkelig bare kjøpe og kaste?

    SvarSlett
  2. Greier vel ikkje det heller ... No kostar dei ikkje så mange kronene, så det er ikkje for den del. Det hadde vore kjekt å hatt nokre små å plukke inn i regnveret.

    SvarSlett
  3. Mine små har kome att i mange år, men eg veit ikkje korleis det blir i år. Har ikkje sett dei, men dei er kanskje berre litt forsinka.

    SvarSlett
  4. Innlegget mitt hadde kome to gongar så eg sletta den eine. Olaug sende sms til Nils, men han opna ikkje med ein gong. Trudde det var den vanlige helgevitsen frå ein gammal arbeidskamerat.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...