mandag 11. april 2011

Aksessoarar

Nei, det er ingen fare.  Bloggen min skal ikkje bli ein moteblogg.  Dagens outfit er ganske lik frå dag til dag.  Ein kan vel telje sjala mine på ei hand.  Men så ser ein seg litt rundt, og så dumpar ein bort i nokre TV2-progam og får litt inspirasjon.  Eg kjøpte meg eit par sko med litt kvitt i.  Til dei hadde det vore fint med ei kvit skjorte.  Og så drog det eine med seg det andre.  Skjorta var litt naken i halsen.  Sjalet hadde så fint hjertemønster, heilt i stil til eit par øyredobbar som eg òg fann på Karmen.

1 kommentar:

  1. Hei!
    I dag har eg vidaresendt oppfordringa eg fekk på verdsveven om bloggar eg gler meg over.
    Eg håpar du vel å sende den vidare!
    Med venleg helsing
    Bente O.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...