søndag 24. april 2011

Bok 20: Til din vrede går over

Det vert mykje krim i påska både i bokform og på TV.  Denne lydboka har eg høyrt på kort tid, mykje av den til hagearbeid.  Det er ein fin måte å kombinere to hobbyar på.

Boka opnar med eit grusomt mord.  To ungdomar er ute og dykkar under isen.  Nokon legg ei dør over holet.  Slik vert ein dregen inn i handlinga.  Romanen må kallast ein pageturner.

Dei som løyser kriminalgåta er to kvinner.  Og eg har ei kjensle av at dette er "damekrim".  Les gjerne meir på bokkilden.  Eg gav den fem stjerner.

1 kommentar:

  1. Eg hugsar to ting om denne boka.1. Eg har lese den. 2. Eg likte den. Går ikkje rundt og hugsar krimbøker, men minnest at denne var bra.Og så likar eg som regel best miljøskildringane.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...