mandag 7. mars 2011

Bok 11: Not my cup of tea

Eg får ikkje taket på denne boka.  Den startar bra, men midt ut i fjerde CD lurer eg på om eg skal legge den frå meg.

Opplesaren gir ikkje boka eit løft, tvert imot.  Han legg trykket på siste ordet i setninga, noko eg berre måtte kutte ut å irritere meg over.

Handlinga vert ein lang gjesp, heilt til den tek seg opp att heilt mot slutten.  Blogglesarane må gjerne lese boka og gjere seg opp si eiga meining!

6 kommentarer:

  1. No har eg gått inn på ein annan nettlesar, for å sjå om det virkar.

    SvarSlett
  2. Bloggen min fungerer best på Google Chrome, så eg har gått meir om mindre over til å bruke den.Så no ser det ut som om kommentarane kjem inn også.

    SvarSlett
  3. Det er no ikkje sikkert at alt av danske bøker er så bra. Trur faktisk eg har hatt denne på nattbordet også, med retur til biblioteket etter nokre få sider.
    Velkomne heim, forresten! Modige damer, må eg seie. Har lyst å vere med ein annan gong...!
    Elles så må eg anbefale Kongens tale, om du ikkje har sett den!

    SvarSlett
  4. Eg har ikkje sett den - enno.
    Neste gong eg skal til London skal det vere litt varmare med båttur på Themsen, London eye og busstur i open buss. Ja, og så ein musikal eller to!

    SvarSlett
  5. Vi kjøpte Gilde karbonadar til middag i dag. Dei var ganske gode. Har smakt verre (Nordfjord kjøtt t.d.). Blir sjeldan til at eg lagar sjølv-men det skjer.

    SvarSlett
  6. Det er ikkje vanlege karbonadar som følgjer med hamburgarbrøda. Dei verste eg har smakt er coop sine. Eg har sagt til dei at karbonadane, og kjøtkakene spesielt, ikkje er etande.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...