torsdag 17. februar 2011

Mammutsal

Eg let meg freiste då eg såg at to på blogglista mi anbefalte denne boka.  Den vart bestilt på den lokale bokhandelen og låg klar til meg i dag.  No har eg kosa meg med å bla i boka.  Her er mange enkle og rimelege oppskrifter på kvardagsmat.

Det er ikkje alltid omsette bøker er så godt tilpassa norske forhold, men denne synest eg er grei.  Det vert ein del 3 3/4 dl ser eg.  Men ingrediensane er greie å få tak i.  Ein ting tenkte eg at eg skulle spørje blogglesarane om: Bruker de vaniljeessens?  Kan ein ikkje like godt erstatte det med ekte vaniljesukker.  I alle fall i denne banankaka?



7 kommentarer:

  1. Eg bruka mykje vaniljeessens.Av og til lurer eg på om dei norske produsentane veit ka den skal brukast til? :-)
    Den lisje flasken er nesten ingenting,det skal minst 2-3 ss for å merke noke.
    Kjøpte boka eg også,mange oppskrifta fra min barndom,som eg laga til min famile nå....

    SvarSlett
  2. Det er STOR forskjell på vaniljeessens og vaniljeekstrakt. Vaniljeessens er sterkare, oljebasert og i pittesmå flasker. Vaniljeekstrakt er alkoholbasert (sikkert difor det ikkje finst i Norge), og er mørkt på farge. Det er ikkje så sterkt på smak, så måla på vaniljeekstrakt er "større" enn vaniljeessens. Vaniljeessens har meir kunstig smak, for det er basert på vanillin, i motsetnad til ekstraktet. Eg kjøper ekstrakt når eg er i utlandet, du treng ikkje reise lenger enn til Sverige før dei har det.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Poenget mitt vart borte: Eg trur dette er ein oversetjarfeil. Eg trur Tessa meiner ekstrakt. 1 ts essens er alt for mykje, uansett kva det skal brukast til. Og det er ikkje noko problem å bytte det ut med ekte vaniljesukker.

    SvarSlett
  5. Eg får gjere det så lenge, og så får eg gå på jakt i svenske supermarknader om det vert svensketur på oss i år. Det siste er litt usikkert.
    Eg gler meg til å bruke bok. Schakenda vert førebels prioritert.

    SvarSlett
  6. Her er også litt om vaniljeessens:
    http://pinkpoodlepuff.blogspot.com/2011/01/vanileekstrakt-vs-vaniljeessens.html

    SvarSlett
  7. Interessant lesning - spørs om eg kjem inn på ein høveleg butikk i London?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...