I restekassa mi fann eg meir Finullgarn. Eg trur Rauma gir opp rikeleg med garn. Ein får levere inn att ubrukte nøste. Det vert sjeldan gjort med meg, for eg begynner gjerne på alle nøsta sidan eg strikkar ermane samtidig. Ein treng litt meir enn eitt nøste i hovudfargen. Mønsteret finn ein gratis på Sandnesgarn sine nettsider.
Som kjent strikkar eg berre det eg er motivert for. Eg veit ikkje om eg gidd å strikke fleire Mariusvottar, så det er berre ei som kan ønske seg dei ...
Jakka mi er ferdigstrikka, berre monteringa står att. Men det er ikkje søndagsarbeid for meg.
søndag 29. november 2015
lørdag 28. november 2015
Laurdag før advent
I dag kom eg litt seint i sving. Grunnen var ein svært triveleg kveld saman med kollegaer i Kvalsvika.
I dag pussa eg vindauga på stova og i kjøkenet innvendig. Gardiner og teppe har vore ute sidan haustferien. I dag vaska eg grundig og tok inn att teppa. Gardinene heng til tørk etter ein runde i vaskemaskina.
Målet for adventhandelen var å kjøpe minst mogeleg. På kjøkenet kan vi tenne adventskalenderlyset kvar dag når vi et middag. Noko anna adventskalender vert det ikkje, då unnateke skrapekalenderen kjøpt av korpset.
I morgon skal eg rette eit sett med sidemålsstilar. Det er spennande å sjå kor mykje bokmål klassa har lært. Med ordlister på nett og innebygd i word har dei mykje betre hjelpemiddel enn vi hadde. Det har vel aldri vore lettare å skrive rett - eigentleg?
No har eg nettopp handla mat. det var litt snø på bilrutene, men noko meir snø kom det ikkje i dag.
Eg vil ønskje alle blogglesarane ein fin laurdagskveld!

tirsdag 24. november 2015
Bok 53: Verdt å dø for
Jack Reacher er på vei til Virginia, men tar en stopp i Nebraska. Allerede første kveld kommer han i klammeri med den mektige Duncan-familien, som terroriserer bøndene i fylket ved hjelp av frykt og vold. Duncan-klanen smugler «varer» som ikke tåler dagens lys, og frykter at Reacher skal blande seg opp i deres saker. De må bli kvitt den brysomme fremmedkaren for enhver pris - men alle som kjenner Jack Reacher, vet at det er en umulighet. Hva skjer i fredelige Nebraska, som det kan være verdt å dø for?
Denne romanen gav eg meg i kast med etter å ha lagt frå meg ein halvlesen roman. I travle periodar treng eg noko lettlese.
Romanen er i ein serie der eg ikkje har lese dei tidlegare bøkene. Miljøet er sært, og helten overlever fleire åtak. For meg vart dette reinspikka tidtrøyte. Romanen gjorde nytta.
No har eg fått tak i ein krimroman som eg har større forventningar til: Den grenseløse av Jussi Adler-Olsen.
mandag 23. november 2015
Badet er ferdig!
I dag har elektrikaren lagt siste hand på verket. No har varmekablane kome på og badet kan takast i bruk. Det er herleg etter sju veker med berre eitt bad, også kalla i-landsproblem. Snikkaren har også jobba med eit anna prosjekt i huset. Det får eg kome attende til.
Sidan det berre er ei veke att til advent, har eg like godt leita fram julehanddukane og julesåpa.
Vi valde litt andre fargar enn oppe. Denne gongen ville vi ikkje ha kvit innreiing. Golvfargen er litt lysare enn oppe. Blogglesarane får ikkje sjå før-bilde, men de kan tenke dykk eit rosalilla bad frå 90-talet. Det var begge bada. No er dei i nøytrale fargar. Så kan ein variere med handdukar og såper etter kvart som motane skiftar.
Ein detalj som er lik på bada, er toalettbørstane som eg fekk plassert på veggen.
2 x 3 knaggar til handdukar, badekåper og anna.
I skapa bak speglane er det plass til mellom anna sjampoar og parfymar.
No skal eg fylle skuffer og skap, ikkje heilt håper eg.
Sidan det berre er ei veke att til advent, har eg like godt leita fram julehanddukane og julesåpa.
Vi valde litt andre fargar enn oppe. Denne gongen ville vi ikkje ha kvit innreiing. Golvfargen er litt lysare enn oppe. Blogglesarane får ikkje sjå før-bilde, men de kan tenke dykk eit rosalilla bad frå 90-talet. Det var begge bada. No er dei i nøytrale fargar. Så kan ein variere med handdukar og såper etter kvart som motane skiftar.
Ein detalj som er lik på bada, er toalettbørstane som eg fekk plassert på veggen.
2 x 3 knaggar til handdukar, badekåper og anna.
Ein kan velje mellom liten, lav dusj og høg, litt større.
Korleis eg skal utnytte desse skuffene best mogler, er eg usikker på. Kanskje til toalettvesker og smykkeskrin?
Eg har tenkt å ha litt plass til kle øvst, og vaskemiddel og dorullar nedst.I skapa bak speglane er det plass til mellom anna sjampoar og parfymar.
No skal eg fylle skuffer og skap, ikkje heilt håper eg.
søndag 22. november 2015
22. november
Denne helga starta med triveleg overnattingsbesøk av svoger.
I dag har vi hatt fint snøver. Eg måtte gå ein omveg på snarvegen. Det vart ein runde i sentrum. Berre nokre få butikkar har pynta til jul - heldigvis!
Etter å ha fått rydda og vaska nede i går kveld, merka eg at energinivået steig. Det å bu i rot slik vi har gjort sidan haustferien, er tappande.
I morgon håper eg det vert interiørblogging!
fredag 20. november 2015
søndag 15. november 2015
15 november
Førre veke vart det lite blogging med meg. Det var ikkje fordi veka var kjedeleg, heller tvert om. Veka var innhaldsrik med 50-årsdag, Tupperwareparty og venninnekaffi på fritida. På jobb var det lefsebaking og siste ettermiddag med kontaktmøte. Og eg kan ikkje love at det vert noko mindre travelt i komande veke. Då er det besteforeldrefest torsdag med det som krevst av førebuing. Det har eg god rutine på, så eg er trygg på å kome i mål. på kveldstid veit eg berre om eitt møte.
Til neste helg håper eg at badet nede er ferdig. Eg gler meg til betre orden i heimen.
Jula vil eg ikkje tenke på før siste veka i november! Frøkna fekk suvenir frå Berlin av kusina si i går, så det kan bli ein ny vri på julemannane eller peparkakene.
Eg vil ønskje alle blogglesarane ei fin veke!

lørdag 14. november 2015
Gratulerer Nils 79!
I dag har vi feira novemberbarna i familien. Far min fyller 79 i dag.
Vi la oss til triste nyheiter i går og vakna til endå tristare nyheiter i dag. Det var godt å ta pause frå Nyheitskanalen og hygge seg saman med slekta!
Blomkarsen viser at hausten har vore mild!
Tradisjonen tru vart det servert julemiddag. Seinare kom det kaker og dessertar på bordet.Vi kan berre takke for ein kjekk dag!
fredag 13. november 2015
Bok 52: Ensomheten i Lydia Ernemans liv
Lydia Erneman har vokst opp som eneste barn på et småbruk nord i Jämtland. Hun utdanner seg til veterinær og flytter etter noen år i Skåne til et lite tettsted i Norge. Vi følger Lydia i hennes virke som dyrlege, i gjøremålene som følger de skiftende årstidene og landlivets rutiner.
Eg skal innrømme at eg sat att som eit stort spørjeteikn då eg hadde lese ut denne romanen. Kva vil forfattaren formidle? Eg ser at romanen er nominert til prisar og har fått terningkast 6.
Innhaldet og språket understrekar nettopp einsemd. det er nok her det geniale ligg. Det er ei lågmælt forteljing der ein må lese mykje mellom linjene.
Eg vil absolutt anbefale blogglesarane å lese romanen og gjere seg opp si eiga meining.

Bok 51:Banesår
Endelig får du svaret på spørsmålet: Hvem har tatt livet av Henning Juuls sønn? Krimjournalisten Henning Juul sitter i en båt ute på et mørkt tjern. En mann med skytevåpen sitter rett overfor ham. Ved mannens føtter ligger et lik som snart skal bli dumpet i vannet. Henning vet at han snart skal lide samme skjebne. Og han vet at det er hans egen feil. «Banesår» er den femte og siste frittstående boken i Thomas Engers serie om krimjournalisten Henning Juul. Bokserien er foreløpig solgt til 26 land.
Eg trur ikkje eg har lese alle dei fire tidlegare bøkene, kanskje berre to. Men eg hugsa problemstillinga med drapet av kona og sonen.
Romanen startar in medias res. Henning Juul held på å drukne. Så går vi attende i tid, før vi får går vidare frå starten. Ein fryktar sjølvsagt slutten, spesielt sidan det står at det er siste boka om Henning Juul. Eg skal ikkje røpe korleis det går!
Romanen er underhaldande. Og når ein har det travelt, er det kjekt å kople av med litt krim - synest eg.

søndag 8. november 2015
Steikje te styr
I dag har vi vore på lansering av boka Steikje te styr. Tre av bidragsytarane las frå tekstane sine.
Etterpå diskuterte dei omgrepet sunnmøring.
Verken trist eller grå
På barneskulen lærte vi at november var trist og grå, men moro likevel. Hausten 2015 kjem nok til å gå inn i historia som mild og fin. I går var det elleve grader då eg gjekk ut og tok bilde. Bonicarosene blomstrar enno.
Desse veit eg ikkje kva dei heiter. I år kom dei seint i blomst.
Haustfloks.
OktoberbergknappSnøbærhekken har bær, men blada dett gradvis av.
Førre laurdag heiv eg hengeplantane. dei har fått eit nytt liv som komposthaugpynt.
Sidan haustferien har vi hatt snikkar i hus. No har vi ikkje open planløysing mellom etasjane lenger. Eg måtte tøme kjøkenskåpa for at det ikkje skulle klirre i fat og glas. Tinga har stått på "nyestova" og samla støv. No flyttar eg dei attende etter at dei er vaska. Litt omorganisering vert det og.
I går brukte eg fire bøtter med grønsåpevatn for å fa golva reine! Dei har vore delvis dekte med papp. No står badet nede att. Eg treng vel ikkje seie at eg gler meg til å få to bad att! Om eit par år står kjøkenet for tur.
PS.
Dette blogginnlegget skulle eg skrive i går, men nettet driv og dett ut og inn.
torsdag 5. november 2015
5. november
No har vi hatt kontaktmøte to ettermiddagar. I år er eg ikkje kontaktlærar, men eg ønskjer å snakke med dei eg har i norsk og engelsk. Det vert lange dagar, spesielt etter seks timar på skulekjøkenet.
Noko handlerunde har eg ikkje teke meg tid til, men kupongane står seg. Sidan frøkna har fått sitt eige coopkort, og eg har fått andrekortet hennar, tippar eg at rabattane mine vil minke.
Noko handlerunde har eg ikkje teke meg tid til, men kupongane står seg. Sidan frøkna har fått sitt eige coopkort, og eg har fått andrekortet hennar, tippar eg at rabattane mine vil minke.
mandag 2. november 2015
Bok 50: Hvitt hav
Hvitt hav er framhald av De usynlege. Eg reknar med at dei som har lese De usynlige kastar seg over denne romanen. Og det er det god grunn til. Romanen er ramsalt og poetisk på same tid. Språket er vakkert og lågmælt. Det er mykje å lese mellom linjene.
året er 1944. Ingrid bestemmer seg for å reise attende til Barrøy og bu der åleine om vinteren. Men noko skjer. Ho oppdagar døde menneske i fjøresteinane. Ein har teke seg inn i løa og ligg død der. Men ein er det liv i. Kan ho redde han? Først må ho berge livet hans!
Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre anbefale romanen på det sterkaste. Han kjem høgt opp når eg skal kåre årets bok!
Terningkast 6 frå meg - utan tvil!
Dette er kanskje ein roman som er best som lydbok. Lat gjerne Nils Johnson (link til intervju) lese for deg! Han har ei god stemme, og dialekten gir romanen ein ekstra dimensjon.

søndag 1. november 2015
Eltefrie rundstykke
For eit par veker sidan såg eg at Anne-Mari hadde laga eltefrie rundstykke frå Enklare brød. Det la eg straks planar om å prøve. Først i går kveld rørte eg saman deigen. Eg gjorde ei lita endring, for eg hadde ikkje sammalen rug, fin. Det vart Fibramjøl (sammalen kveite, fin i staden). OK, så juksa eg litt og sette dei på kald plate. Sjå på Trine sin matblogg for oppskrift og framgangsmåte.
Rundstykka er best nysteikte. Likevel vil eg lage ein større porsjon neste gon slik at brettet vert fullt. Desse passar svært godt i familiar der bakaren står opp ein time før frukostgjestene. Eg ser ikkje vekk at det er slik i nokre heimar ...
lørdag 31. oktober 2015
Kjøp og lån
Onsdag kveld sat eg og kika på Facebook. Då dukka det opp bilde av ei jakke som eg fall pladask for! Det var reklme for Kristin Wiola Ødegård si nye bok. Den boka hadde eg tenkt å ønske meg til jul, men no vart det jakka eg ønska meg ...
Eg bestilte boka på ark.no, for der ligg kortet mitt inne slik at det einaste eg må hugse er tre siffer på bankkortet. Det har eg i hovudet. I går låg boka i postkassa.
Så langt var alt vel. I går skulle eg rekke TrådKråa. Der hadde dei ikkje botnfargen inne i det alpakkagarnet eg har tenkt å bruke. Nei vel, så må eg vente på garn frå nettbutikken, tenkte eg. Men der var dei utselde både i Alpakka og Peer Gynt. Kva gjer ein då?
For ein time sidan gjekk lyset opp for meg! Det kan no hende at andre nettbutikkar har att av garnet! Eg var heldig! På første forsøk, Nøstenett, hadde dei fargen inne. No må eg berre vente ...
På biblioteket i dag fann eg ei anna ny strikkebok. Der er mykje fint i den, men ikkje i min stil - om eg har nokon. I bærboka er det mykje å lese og lære. Om eg orkar å lese dokumentarboka, vil tida vise. Men der er faktastoff om akkurat det Trude Teige skreiv om i boka eg nettopp har lese.

torsdag 29. oktober 2015
Siste småstrikk
Eg har vegra meg litt for å begynne på noko stort strikkeprosjekt. Ein ting eg har tenkt på lenge, er å strikke meg gryteklutar til jobbruk. Det ligge ei gratis oppskrift på pt design. Eg valde fargar ut i frå fargen på forklea som eg kjøpte i sommar. Dei andre eg bruker med namn på, er og raude.
Når eg steiker rundstykke til kantina, må eg alltid tenke ut kvar eg hadde gryteklutane sist. Kjøkenet er utstyrt med fem omnar som eg flyg mellom. Kanskje eg skulle utstyre meg med utstyr som på 70-talet då alle måtte stille med gryteklutar med strikk mellom?
dei nye gryteklutane vart tekne i bruk i dag. Det fungerte flott dei første tre timane. Men midt i den andre økta fann eg dei ikkje att når eg hadde bruk for dei. Eg leita alle tenkelege og mindre tenkelege stader. Til slutt fann eg dei - under forkleet! Kva skal ein seie?
onsdag 28. oktober 2015
Bok 49: Mormor danset i regnet
I romanen «Mormor danset i regnet» vert vi kjend med skjebnane til tre generasjonar kvinner. Juni, den yngste, har reist frå ein brutal ektemann. Ho veit ikkje kven hennar eigen far er. Mora nekta å fortelje det også på dødsleiet. No vil ho prøve å finne ut av familiehemmelegheitene.
Parallelt får vi høyre mormora si historie. Ho forelskar seg i ein tysk soldat. Det har vi høyrt om før. Men det som gjer denne romanen så interessant, er kva som møter dei når dei vil forlate Noreg, og ikkje minst når dei kjem fram til Aust-Tyskland som er okkupert av russarane. Kva lidingar det tyske folket vart utsett for etter krigen, har det vore lite fokus på.
Mor til Juni får vi vite minst om, men ho får og lide i oppveksten. Nokre vegar er stengde for henne. Ho fekk heller ikkje vite kven som var den rette faren henar.
Mykje vert nøsta opp i romanen. Vi ser likskapar i lliva deira. Romanen har mange frampeik. Ein forstår kva som må skje, men det gjer den samtidig spennande.
Eg har lese halve romanen i dag, for den er vanskeleg å legge frå seg. Trude Teige greier å skrive om kjærleik på ein truverdig og usentimental måte.
VG gir romanen terningkast 3. Det kan godt hende det er rett som dei skriv, men eg vil verkeleg anbefale romanen, ikkje minst på grunn av det historiske bakteppet.

tirsdag 27. oktober 2015
Bok 48: Til jord skal du bli
Med intensitet og nerve følger vi politietterforsker Malin Fors' kamp mot klokka. En tidlig maimorgen blir en ung mann funnet død i et dike inntil Göta kanal. Han er naken, og kroppen bærer ikke preg av spor etter vold. Når Malin Fors og hennes kollegaer ankommer stedet råder en merkelig stillhet. Det er som om alle stemmer har blitt dempet. Mannen identifiseres snart som Peder Åkelund, en tidligere sverigedemokrat som har blitt kastet ut av partiet for sine rasistiske uttalelser. Det viser seg at han er blitt drept. Samme kveld blir seksten år gamle Nadja Lundin meldt savnet, trolig bortført. Tegn tyder på at de to sakene har med hverandre å gjøre. Men hva har ofrene til felles? Hvorfor er de blitt valgt ut? Etter en stund begynner Malin Fors å innse at de har å gjøre med noen som leker med politiet, som snakker via mord og som ikke har tenkt til å la seg stoppe. Men hva er det han eller hun vil si? Det haster med å finne et svar. Jenta kan fortsatt være i live.
Ein gal mann grev ned ei ung jente i ei kiste og lagar eit rør slik at ho kan få vatn og luft. Ein annan drep han, og fleire liv står i fare! Ingrediensane i denne krimromanen er kjende. Ein må berre lese og la seg underhalde. Romanen er spennande og lettlesen. Ein kan og kalle han ein pageturner. Etter mitt syn manglar romanen det eg kallar X-faktor, noko som gjer at han skil seg ut i mengda.

søndag 25. oktober 2015
Tova vottar
No er restevottane ferdige! Dei vart heilt passelege etter ein runde i vaskemaskina på 40 grader. Eg brukte eit daglegvaskprogram som tek 1 1/2 time.
Vottane er strikka i dobbel Finull. Eg hadde litt oker frå før, så det er nok ikkje heilt nok med berre restar frå kufta. Men restekorga mi er ca 100 g lettare. Fargane er kanskje ikkje førstevalet til alle, men vottane er svært varme og gode - og eg har tenkt å bruke dei på tysdagsturane mine!

lørdag 24. oktober 2015
Genser i minialpakka
Etter å ha strikka og montert to kofter, vart det freistande å strikke noko einsfarga og omtrent monteringsfritt. Garnet fann eg i restekorga på TrådKråa. Dermed vart fargen ikkje blått som valeg... Oppskrift og garn er frå Sandnesgarn.
fredag 23. oktober 2015
Bok 47: En liste for livet
Brett har for lengst glemt den gamle listen hun som tenåring laget seg over mål i livet: «lære fransk, dra til Paris, skaffe seg hund, finne kjærligheten, få barn, hjelpe de fattige, få et fint hus» osv. Nå er hun 34 år og har tilsynelatende alt: en god jobb i det veldrevne familiefirmaet og en stor leilighet der hun bor sammen med kjæresten. Når moren dør, blir Bretts verden snudd på hodet. I stedet for at hun blir utpekt som ny direktør for familiefirmaet, får hun fyken, og før hun får sin rettmessige arv, har moren bestemt at hun må fullføre de resterende punktene på listen. Brett, som er knust av sorg, kan ikke forstå hvorfor moren har gjort dette mot henne. Dessuten er det ikke alle punktene som lar seg fullføre. Hvordan skal hun for eksempel klare å etablere et forhold til faren sin, som døde for flere år siden? Og hvorfor har ikke moren strøket over «finne kjærligheten»?
Så har eg gjort det igjen: Lese ein roman eg på førehand visste at eg kom til å "slakte". grunnen til at eg valde han, var at utvalet var lite. Og så hadde eg nettopp lese ein litt innvikla krimroman.
Allereie i starten forstod eg at romanen innfridde. Hovudpersonen kjende både det eine og andre i hjartet sitt og i hjarterøtene. For meg er dette kjenneteikn på dårleg språk.
Også handlinga innfridde. Brett må verte litt fattig, det vil seie leve på lærarløn, for å bli eit betre menneske. Her er det meste føreseieleg. Det heile vert toppa med ein slutt som berre måtte kome.
Dette er eventyr for unge og eldre damer. Eg trur aldri ein mann ville ha innrømt å ha lese romanen.

tirsdag 20. oktober 2015
Småstrikk
Før haustferien gjorde nok ein kombinasjon av trilling av store mengder rundstykke på jobb og litt strikking å heimebane at skuldra mi fekk nok. Dei siste tre vekene har eg hatt meg ein strikkepause, med små unnatak.
No vil eg ikkje begynne på noko stort arbeid. Desse vottane dukka opp på ei nettside. No har eg sikra meg oppskrifta. Eg kan tenke meg at desse kan falle i smak, også blant ungdomen?
Første paret skal eg strikke i noko restegarn etter den siste kofta mi. Eg trur dobbel Finull skal tilsvare Fritidsgarn. Det er greitt å få minka litt på restegarnhaugen!

søndag 18. oktober 2015
Bread maker
Som blogglesarane sikkert har fått med seg, er eg over middels interessert i brødbaking. Eg er og svak for nye oppfinningar. Så då denne nye brødbolleforma kom på tilbod før haustferien, slo eg til. No har eg eksperimentert litt med den i helgane.
Det "geniale" er at ein rører saman deigen i same inretninga som ein steiker brødet i. Dette gjer eg om kvelden.Deigen får heve i forma over natta.
I oppskriftheftet som følgjer med, står det at ein kan sette brødet rett i omnen. Etter litt prøving og feiling har eg kome fram til at det er lurt å førme brødet på nytt. Det gjer ein lett med ei deigskrape.
Ein annan ting eg gjer som eg vil med, er at eg steiker brødet i forma, litt over halve tida med forma lukka, så lettar eg litt på "loket". 200 grader i ca 50 minutt.
Om nokon får lyst til å prøve, så er dette oppskrifta til brødet over.
ein klump gjær på storleik med ei ert
3 1/2 dl kaldt vatn
3/4 ts salt
frukt, nøtter og frø om du vil
(eg brukte aprikosar, valnøtter og graskarfrø)
2 1/2 dl Fibramjøl
ca 5 dl kveitemjøl
(deigen skal vere laus)
torsdag 15. oktober 2015
Abonner på:
Innlegg (Atom)