søndag 15. november 2015

15 november

Førre veke vart det lite blogging med meg.  Det var ikkje fordi veka var kjedeleg, heller tvert om.  Veka var innhaldsrik med 50-årsdag, Tupperwareparty og venninnekaffi på fritida.  På jobb var det lefsebaking og siste ettermiddag med kontaktmøte.  Og eg kan ikkje love at det vert noko mindre travelt i komande veke.  Då er det besteforeldrefest torsdag med det som krevst av førebuing.  Det har eg god rutine på, så eg er trygg på å kome i mål. på kveldstid veit eg berre om eitt møte.

Til neste helg håper eg at badet nede er ferdig.  Eg gler meg til betre orden i heimen.

Jula vil eg ikkje tenke på før siste veka i november! Frøkna fekk suvenir frå Berlin av kusina si i går, så det kan bli ein ny vri på julemannane eller peparkakene.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei fin veke!

2 kommentarer:

  1. Travelt dette livet. Men tross alt har vi det betre enn så mange andre.
    Godt du ikkje tenkjer Jul enno. Siste veka i november er tidsnok.

    Fin ny veke!

    SvarSlett
  2. Ynskjer deg ei givande veke !
    Eg har lyst til å lage mòr snart, men veit ikkje om det
    blir i veka som kjem.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...