mandag 2. november 2015

Bok 50: Hvitt hav

Hvitt hav er framhald av De usynlege. Eg reknar med at dei som har lese  De usynlige kastar seg over denne romanen.  Og det er det god grunn til. Romanen er ramsalt og poetisk på same tid.  Språket er vakkert og lågmælt.  Det er mykje å lese mellom linjene.

året er 1944.  Ingrid bestemmer seg for å reise attende til Barrøy og bu der åleine om vinteren.  Men noko skjer.  Ho oppdagar døde menneske i fjøresteinane.  Ein har teke seg inn i løa og ligg død der.  Men ein er det liv i.  Kan ho redde han?  Først må ho berge livet hans!

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre anbefale romanen på det sterkaste.  Han kjem høgt opp når eg skal kåre årets bok!

Terningkast 6 frå meg - utan tvil!

Dette er kanskje ein roman som er best som lydbok.  Lat gjerne Nils Johnson (link til intervju) lese for deg! Han har ei god stemme, og dialekten gir romanen ein ekstra dimensjon.


2 kommentarer:

  1. På slutten dukka det opp så mange personar som eg ikkje hugsa frå første boka, derfor las eg den første om att og held no på med nr.2 for andre gong på kort tid. Opplesaren er fenomenal-ja, forfattaren også. Begge bøkene fortener terningkast 6. No kjenner eg litt på at somt som har samband med sjø, båtar og fiskeri kan vere ukjent for somme, men der stiller eg sterkt som har budd i eit liknande miljø.

    SvarSlett
  2. Gle meg til å lese denne !!
    Held på med Seierherrene. Fekk lyst å lese den igjen, lenge sidan 90-talet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...