søndag 8. november 2015

Verken trist eller grå

På barneskulen lærte vi at november var trist og grå, men moro likevel.  Hausten 2015 kjem nok til å gå inn i historia som mild og fin.  I går var det elleve grader då eg gjekk ut og tok bilde.  Bonicarosene blomstrar enno.
Desse veit eg ikkje kva dei heiter.  I år kom dei seint i blomst.
Haustfloks.
Oktoberbergknapp
Snøbærhekken har bær, men blada dett gradvis av.
Førre laurdag heiv eg hengeplantane.  dei har fått eit nytt liv som komposthaugpynt.
Sidan haustferien har vi hatt snikkar i hus.  No har vi ikkje open planløysing mellom etasjane lenger.  Eg måtte tøme kjøkenskåpa for at det ikkje skulle klirre i fat og glas.  Tinga har stått på "nyestova" og samla støv.  No flyttar eg dei attende etter at dei er vaska.  Litt omorganisering vert det og.

I går brukte eg fire bøtter med grønsåpevatn for å fa golva reine! Dei har vore delvis dekte med papp.  No står badet nede att.  Eg treng vel ikkje seie at eg gler meg til å få to bad att!  Om eit par år står kjøkenet for tur.

PS.
Dette blogginnlegget skulle eg skrive i går, men nettet driv og dett ut og inn.

4 kommentarer:

  1. Herlig med blomstring i november.
    Håper mildværet varer lenge enda..
    Godt å få "tilbake" huset igjen etter oppussing
    Er liksom untakstilstad så lenge det varer.
    Ønsker deg ei riktig god ny novemberuke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Ja, no er det unntakstilstand berre i ein etasje. Bilde vil kome!

      Slett
  2. Må berre korrigere deg litt: November er så trist og grå, men NYTTIG likevel......Blir spennande å sjå korleis det er blitt med attlaten stove.Eg tok bilde av Øystein på Aasentunet-med mobilen. Det vart ikkje brukbart. Trudde du hadde lagt inn dei du tok. Blomsterbilda er fine. Eg kan nemne at då Harald fylte 60 år 25.november stod rosene i blomst og vi plukka bjørnebær i hagen. Eg har bilde av det.

    SvarSlett
    Svar
    1. I går streva eg slik med å legge inn bilde,så det var freistande å prøve om att.
      Frå Aasentunet må eg blogge frå mobilen. Data,askina og mobilen samarbeider ikkje ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...