søndag 29. november 2015

Fleire vottar

I restekassa mi fann eg meir Finullgarn. Eg trur Rauma gir opp rikeleg med garn.  Ein får levere inn att ubrukte nøste.  Det vert sjeldan gjort med meg, for eg begynner gjerne på alle nøsta sidan eg strikkar ermane samtidig.  Ein treng litt meir enn eitt nøste i hovudfargen.  Mønsteret finn ein gratis på Sandnesgarn sine nettsider.

Som kjent strikkar eg berre det eg er motivert for.  Eg veit ikkje om eg gidd å strikke fleire Mariusvottar, så det er berre ei som kan ønske seg dei ...

Jakka mi er ferdigstrikka, berre monteringa står att.  Men det er ikkje søndagsarbeid for meg.


1 kommentar:

  1. Fine vottar! Rart du posta desse i dag, for eg har nemleg funne fram dette mønsteret tidlegare i dag. Tenkte eg skulle sjå om eg fann noko passande garn i restekassene. Eg strikkar også berre det eg er motivert for. Handarbeid skal vere avslappande og kjekt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...