lørdag 28. november 2015

Laurdag før advent

I dag kom eg litt seint i sving. Grunnen var ein svært triveleg kveld saman med kollegaer i Kvalsvika.

I dag pussa eg vindauga på stova og i kjøkenet innvendig.  Gardiner og teppe har vore ute sidan haustferien. I dag vaska eg grundig og tok inn att teppa.  Gardinene heng til tørk etter ein runde i vaskemaskina.

Målet for adventhandelen var å kjøpe minst mogeleg. På kjøkenet kan vi tenne adventskalenderlyset kvar dag når vi et middag.  Noko anna adventskalender vert det ikkje, då unnateke skrapekalenderen kjøpt av korpset.

I morgon skal eg rette eit sett med sidemålsstilar.  Det er spennande å sjå kor mykje bokmål klassa har lært. Med ordlister på nett og innebygd i word har dei mykje betre hjelpemiddel enn vi hadde.  Det har vel aldri vore lettare å skrive rett - eigentleg?

No har eg nettopp handla mat.  det var litt snø på bilrutene, men noko meir snø kom det ikkje i dag.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ein fin laurdagskveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...