tirsdag 11. januar 2011

På veg heim i dag ...

... hadde eg dessverre ikkje med meg verken lomme- eller speilreflekskamera.  Mobilkameraet yter ikkje himmelen i alle gul- og raudfargar rettferd.  Men vi kan slå fast at det er nesten lyst klokka fire no.

mandag 10. januar 2011

Bytur

Då eg rippa markens grøde inn på datamaskina, hadde det skjedd ein liten glipp: CD 8 mangla.  I dag hadde eg valet mellom å lese dei aktuelle sidene i papirutgåva eg fekk av mor mi, eller bruke det som ei unnskylding for å ta seg ein bytur.  Eg valde det siste.  På biblioteket fann eg og ei mykje omtala krimbok.  Kritikkane har ikkje vore så gode, men eg har no lyst til å gjere meg opp mi eiga meining.

Sjå kor fine dei er!

søndag 9. januar 2011

"Brø' utan å knø"

For eit par år sidan dreiv eg å søkte på fletteloff på YouTube.  Då kom eg over videoar frå USA på no knead brød, men det vart aldri til at eg laga dei.  Eg tengte  at denne framgangsmåten kjem vel hit til landet og dersom desse brøda er så gode.  Det spesielle med dei er ikkje deigen, men framgangsmåten.  I går kom eg over ein video på denne bloggen og vart inspirert.

 Eg blanda saman ingrediensane med ei sleiv i går ettermiddag/kveld.  Eg synest 1 ts salt fekk vere nok.

500 g kveitemjøl
1 ts salt
1/4 ts tørrgjær
4 dl vatn

Sidan eg hadde framme vekta, vog eg vatnet og.
 I dag såg deigen slik ut.
 Eg bretta han innover oppå eit mjølstrødd bakepapir slik som vist på videoen.
 Så fekk brødet heve 2 timar under bollen.  Den siste halvtimen skal jerngryta settast i kald omn, og omnen settast på 250 grader.
 Problemet var å finne ei form med lok.  I fjor såg eg ei slik emaljert steikepanne til halv pris som på bloggen eg viser til, men eg vart for sein.  Så eg kledde mi vanlege jerngryte med bakepapir.  Eit rundt under og eit delt på langs som eg bretta langs kanten.  Eg skal spandere eit gjenbrukspapir om eg lagar brødet fleire gonger.  Ulempa med jerngryta er at det kjem litt os frå ho.
 Brødet steikte først 1/2 time på 250 med loket på, så 1/4 time på 220 utan lok.
Det ferdige brødet ser slik ut.
Og smaken?
"Det er berre å lage meir!"

lørdag 8. januar 2011

Coop-kupp-kombinasjon

 Prix held fram med sine "få-attpå-tilbod", og eg held fram med å bite på.  No treng ein ikkje å bruke desse para av varer i lag.  I dag fann eg wokgrønsaker frå desember (wokgrønsaker + svinekjøt) Toro pizzabotm (+karbonadedeig) og storfekjøt (+ stroganoffgryte) frå januar.
 Til pizzabotnen som kostar 23,20 høyrer det til ein pakke karbonadedeig.  Dette vert ein rimeleg karbonadedeig altså, og så vil ein få nokre pakkar pizzabotn til overs.  Derfor bestemte eg meg for å lage focaccia av pulveret.  Då eg skulle sjekke baksida av pakken, stod der oppskrift på focaccia også.  Eg let foodprosessoren kna deigen, kjevla han ut og sette til heving.  Konsistensen på deigen var ikkje heilt som vanleg gjærdeig.
 Brødet vart fint.  Men kva sa juryen, altså familien?  Vi var samde om at konsistensen var som til kake, litt smuldrete.  Smaken var grei.

Eg trur ikkje det hadde tatt så mykje lenge tid å lage vanleg dei med rikeleg gjær og la deigen heve berre ein gong.
 Når eg lagar wok, har eg både wok og steikepanne i sving.  Eg hadde i to raudløkar,litt hakka ingefær, soyasaus og søt chilisaus i tillegg til to pakkar wokgrønsaker og storfekjøt.  I dag hadde eg vanleg ris og altså focaccia til.
No er jula på veg ut og våren på veg inn her i huset.

fredag 7. januar 2011

Og jula varer heilt til ...

 Til denne jula kjøpte eg ikkje ei einaste julestjerne.  Kvart år har eg brukt å fylle vindaugskarmane med julestjerner i byrjinga av desember.  I år vart ikkje dette noko av.  I staden har eg kjøpt løkar, kanskje fordi det var så kaldt at eg var redd andre blomster ville fryse ihel i bilen.  No har eg att nokre blå sviblar.  Amaryllisane som eg kjøpte på Floriss, tre for 100 kroner, står no med stilk nummer to.
Julestjernene mine hadde ein tendens til å blomstre heilt til påska, gjerne med nye skot.  no spørs det kva eg skal gjere med løkane.  Er det eingongsblomster?  Eg ha lagt dei avblomstra kjølig i eit papirnett.  Skal dei få seg ein pause i matboda med tanke på eit nytt liv i hagen, eller skal eg kaste dei i komposten med godt samvit?

Meiningsmålinga avslutta

Eg spurte blogglesarane om kva dei et på nyttårsaftan.  I ettertid ser eg at det kanskje skulle ha spurt om kva blogglesarane åt denne nyttårsaftan.  Då kanskje dei som ikkje har fast meny på nyttårsaftan.  Resultatet på denne uhøgtidlege undersøkinga viste av at 28 som svarte åt:
71% pinnekjøt
17 % kalkun
17 % svineribbe
7% annan fiskemiddag
7% annan kjøtmiddag
3% lutefisk

Eg hadde nok ikkje trudd at så mange ville svare pinnekjøt.  No er det kanskje slik at det er flest vestlendingar som les bloggen?  Elles har eg hatt ein teori om at pinnekjøt kjem til å spreie seg både på jul- og nyttårsaftan.  Eg stod og såg på fåreribbe saman med ein tyrkisk kurder for nokre år sidan.  Han fortalde at han var van med tørka fårekjøt frå heimlandet.  No såg eg ein reportasje om halalfåreribbe før jul.  Det var visst vanskeleg å skaffe nok.  Sjølv dei som ikkje feirar jul, får no fridagar saman med familien, så det er no ikkje rart at dei og vil ha god mat.

Pinnekjøt er også dyrare, og kanskje dermed finare, mat? Der den eine partnaren er van med svineribbe og den andre med pinnekjøt, vel ein kanskje å ha det eine på julaftan og det andre nyttårsaftan.

Av og til får ein inntrykk av at kalkun er nyttårsmiddagen framfor alle.  Eg trur nok at mange et kalkun i løpet av jula.  Det er greit med ein stor kalkun når ein er mange.  Små familiar vel kanskje å kjøpe ein filet.

Elle så trur eg nok at det vert servert meir ein ein middagsrett rundt om i heimane både julaftan og nyttårsaftan, noko meiningsmålinga og viste.

torsdag 6. januar 2011

Bok 1: Amerikansk krim

Denne boka fekk eg låne av mor mi i jula.  Eg hadde eigentleg tenkt å begynne på ei litt tyngre bok ved sida av, men denne fenga slik at eg måtte berre lese vidare.

Denne krimboka skil seg ut frå mengda.  Personane i boka er godt skildra, og deira samansette natur kjem fram.  Hovudpersonen er ein gut som er tvillingbror med ei jente som har forsvunne sporlaust.  Både han og politiet leitar etter henne. Her er fleire mysterium og fleire lause trådar.

Løysinga er logisk.  Ein får forklaring på fleire ting som har kome fram tidlegare i boka. "Alt" betyr noko.

Forfattaren skriv godt.  Eg har ein teori om at krim sel godt, og at mange flinke forfattarar hiv seg på krimsjangeren, i alle fall i Noreg.  I USA er det vel også berre dei flinke som får gitt ut bøkene sine, og dei beste av desse vert omsette til norsk.

Les gjerne kva Besta skriv på sin blogg - og les gjerne boka.

PS.
No les eg to bøker samtidig: Markens grøde og Min kamp -første bok.

Men Per Spook-genseren min får du aldri?

Oslostudenten hadde funne denne genseren i skapet sitt.  Den har lurt seg unna alle klesinnsamlingar til Aust-Europa.  Eg har ein liknande med anna halsfelling. Genserane strikka eg då eg gjekk på lærarskulen.  Faren var ikkje mange månader eldre enn det studenten er no då eg begynte å vere saman med han.

I morgon reiser studenten til hovudstaden igjen.  Då eg spurte han om han ville at eg skulle lære han noko til dømes innan matlaging, fekk eg til svar at det han treng å lære seg er å legge opp buksebein.  Så no har vi hatt sykurs i "oppleggssaum".

onsdag 5. januar 2011

Byggris

 Under mottoet "Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul" og med inspirasjon frå Alt godt, leita eg fram forskjellig frå skap og skuffer.  Til woken serverte eg vanleg ris og byggris.

Byggrisen fann eg på Prix før jul då eg leita etter noko anna.  Byggrisen smakte som bygg.  Eg synest det var godt til wok som smakar så mykje i seg sjølv.  Det mest positive med produktet er at ein føler seg mett i lang tid etter måltidet.  Ein slepp at det gneg i tarmane etter kort tid.  Ungdommane i familien var meir skeptiske.

No er ikkje eg nokon stor tilhengar av boil-in-bag, i alle fall ikkje til store familiar. Men viss det vert berre eg som skal ha byggris i staden for ris, er det no greitt.  Vil ein vere meir økonomisk, kan ein no legge byggryn i blaut dagen før.  Koketida vert noko lengre sjølvsagt.

tirsdag 4. januar 2011

Spør riksmålsforbundet

Det er tid for karaktersetjing.  Vi samarbeider på tvers av klassene slik at karakterane skal bli mest muleg rettferdige.  Det oppstår sjølvsagt også diskusjonar om rettskriving.  Ein rettskrivingsregel dukka opp frå to hald:  Ein skal ikkje begynne ei setning med men (but). Dette er ein ny regel for meg.  Eg oppmodar gjerne elevar til å setje oftare punktum.  Mange meistrar ikkje lange periodar.  Logikken forsvinn ein stad på vegen.

No har eg oppdaga at det meste kan googlast.  Eg googla spørsmålet og kom rett inn på svaret på Riksmålsforbundet si side.  Der fann eg og mykje nyttig og lettfattelig informasjon.

Elles så ser eg at bokmålsorboka/nynorskordboka har endra utsjånad.

There is no "I" in Team
Då eg leita etter nokre engelske uttrykksmåtar, kom eg over denne sida. Ein finn engelske idioms med forklaringar: Individual achievement is not superior to the good/results of the team.

mandag 3. januar 2011

Det finst så mykje kjekt å få kjøpt

Overskrifta er eit sitat av ei venninne som ikkje liker å lage mat. 


I dag har eg vore på Trådkråa på Hareid og kjøpt vottegarn.  Eg ville kjøpe trepinnar, ein fantastisk oppfinnelse forresten, men dei hadde ikkje att.  No har eg ein del pinnar liggande.  Problemet er berre å vite kva nummer dei er.  Dagens nye dings vart innkjøpt; ein linjal med pinnemål. Den raude streken er akkurat 10 cm.

søndag 2. januar 2011

Saktestrikking

 Desse vottane til meg sjølv begynte eg på tidleg i desember.  Eg hugsar eg fekk nokre liknande med X-bord  og duskar i ulike fargar ein gong på 70-talet.  Eg reknar med at desse vert like mykje brukte!
I år fekk eg ikkje kokebok, men strikkebok.  Det var akkurat det eg ønska meg.  No har eg nemleg planar om å strikke eit par vottar med mønster til meg sjølv i vinter.

Årets bok 2010

I 2008 var det ikkje vanskeleg å kåre årets bok.  Dei som ikkje har lese "Tett inntil dagene" har ei fantastisk bok til gode.  I fjor sleit eg. Og kva med 2010?
Viss ein liker å lese om noko som er sant og demed lærerikt, så kalla eg denne boka fæl og fengjande. Klikk dykk inn og les kva ho handlar om.

Eg les mykje krim, og av krimforfattarar vil eg dra fram Mo Hayder.  Eg har lese fleire av henne i 2010.  Bøkene er passeleg "grusome" etter min smak.

Likevel vil eg kåre denne som årets beste krimbok.

Årets bok 2010 er trilogien om Kristin Lavransdatter som eg las om att etter 28 år.  Dette skreiv eg om Kransen, Husfrue og Korset. Sigrid Undset fekk nobelprisen i litteratur for middelalderromanane sine i 1928. Dette er klassikarar eg vil anbefale alle å lese, eller lytte til som eg gjorde denne gongen.

lørdag 1. januar 2011

Blogging 2011- Time will tell

Dei siste åra har eg kome med ei lita bloggerklæring ved nyttår. Les gjerne her:  2009   2010

I november måtte eg anten betale for meir plass til den gamle bloggen min, eller lage ein ny.  Eg bestemte meg for å starte på nytt og gjere bloggen meir til min eigen.  "Solveig si side" er ikkje så mykje ein familieblogg, trur eg.  No må det nok seiast at familien er mine ivrigaste lesarar.  Men når det gjeld tema, vel eg å skrive ut i frå eigne interesser og meiningar.

Solveig si side
Bloggen skal vise ulike ulike av meg, men ikkje alle.  Eg held vener utanfor.  Etter at eg kom på Facebook, har eg vorte bevisst på at det ikkje skal gå an å følgje mine skritt fullt ut.  Det vil seie, turane mine på biblioteka vert dokumentert for å hjelpe meg å vite kva bøker eg har på lager.

Veit de forresten kva garpegenitiv er?  Når slekta er samla i Ørsta, har brorparten av dei vaksne grunnfag i norsk.  Eg var den einaste som ikkje kunne svare på dette quizspørsmålet!  Garpegenitiv er den typen genitiv vi brukar i nynorsk når vi skriv Solveig si/sitt/sine.  Elles kan ein både i nonorsk og bokmål nytte "vanleg" genitiv (Dei har vel eit namn på det og?) Solveigs ...

Kongen og eg
Vi sat her og såg Gutta på tur med kongen som turfølgje.  Då la eg merke til ein ting ha sa: Når dei vert matleie, ber dei om fiskebollar!  Det serverte eg som ein av rettane 3. juledag fordi det var det eg hadde lyst på.  Matoppskriftene på bloggen min er enkle. Eg deler gjerne oppskrifter som høver for skulekjøken med andre.  Det er sjølvsagt kjekt å få tilbakemeldingar som: Den sveleoppskrifta di er veldig god.  Den toppar også "Mest lese" på gamlebloggen.

Brødbaking
Det kan periodevis bli mykje av ein type innlegg på bloggen.  Gjærbakst er kanskje det eg liker best av all matlaging.  No har eg tatt ein liten pause, men eg kjem nok sterkt tilbake.  Surdeigen lever, for å seie det sånn.

Sonja og eg
Eg viser ikkje fram heile huset mitt.  Når eg har pynta middagsbordet, høver det godt å ta eit bilde.  Det har eg høyrt at dronninga gjer.  Elles er det ikkje noko kongeleg over borda.  Med ein viss sjølvironi gir eg ofte opp prisar på enkelte ting, eller som ein gjer når ein har vore på sal: -%.  Når det ligg ting på sal rundt om i butikkanes, som til dømes lys og serviettar, dett dei nemleg ofte opp i handlekorga mi.

Dagens duk er ein teflonduk som eg kjøpte rett før jul i fjor på halv pris på Kid.  Kubbelysa i juletrefasong og serviettane kjøpte eg på Nille til -70%.  Sjokoladehjerta fann eg på same butikk til full pris.
Handarbeid
Hobbyen min før i tida var strikking og anna handarbeid.  Dette har det vore lite av dei siste 18 åra.  Ein senebetennelse i ei skulder sette ein stopppar for det. I fjor begynte eg å strikke vottar.  Viss eg tek det med ro, kan det hende det kan bli litt meir avansert strikking i åra som kjem.  Eg kallar det mi skjulte side fordi eg trass alt er utdanna handarbeidslærar.  Året etter måtte ein ha like mykje sløyd og teikning som handarbeid på lærarskulen.

Teljarar
Ein ny funksjon som har kome på bloggen, er desse "mest lese-listene". Dei er litt artige å følgje med på. Nokre overraskingar har dukka opp.  På gamlebloggen er ca 400 innom i veka etter at eg har slutta å skrive der!  Rett nok viser eg til den av og til på denne bloggen.  Etter jul var alle brødbakemaskininnlegga mine på "Mest lese dei sju siste dagane".  Det viser vel kva folk har fått til jul?  Talet på treff, som det vert kalla, var like mange i 2009 og 2010. Desse teljefunksjonane står på fordi eg synest det er artig å sjå kva folk liker å lese, og så viser dei korleis folk dett inn på bloggen.


Litteratur
I fjor las eg 59 bøker mot 76 året før.  Kva har skjedd? Eg les nok ein halv time mindre om morgonen enn før.  Den tida eg brukte til å rigge meg til før 1.-3. time på skulekjøkenet er vekke.  Timane er no lagde til 4.-6. time, stort sett.  Elles har eg nok jobba meir frå hausten 2009.  Tida vil vise om det vert meir eller mindre lese i 2011.  Bokmeldingar vil det bli, nokre meir grundige enn andre.

Då står det att å ønskje alle bloggarar og lesarar eit riktig godt nytt bloggeår!

PS
Eg kjem attende til "Årets bok".

fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

 Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit riktig godt nytt år!  Eg kjem attende med ei "bloggerklæring" ut på nyåret.
Bilda er tatt klokka tre, og som de ser er det regn her i dag.

Her står det same på menyen på nyttårsaftan som på julaftan, nemleg pinnekjøt og to sortar Brudevollmôr.  Middagslaginga er det mannen i huset som står for.  Eg lagar dessert.  I dag vert det byggrynskrem.  Eg kokte  byggrynsgraut i går til lunsj/tidleg middag.

Det er mange som kikar innom bloggen min, og det er kjekt.  Det er ikkje så mange som legg att kommentarar, og det forstår eg godt.  Sjølv tek eg meg ofte ei bloggrunde, men kommenterer berre hos dei eg kjenner eller har hatt litt kontakt med.   No vil eg prøve å lage ei meiningsmåling som kanskje fleire vil vere med på.

Godt nytt år til alle blogglesarar!

torsdag 30. desember 2010

Halv steikt kalkun - vel, vell

Etter ein halv dag med norskretting, har eg endeleg fått kalkunen i omnen.  Det skulle verte ein lettvint kalkunmiddag, men då eg tok han opp frå kjøleskåpet, var kalkunen framleis halvfrosen etter 1 1/2 døgn i kjøleskåp.

Eg filosoferer ein del medan eg rettar norskstilar.  Korleis skal ein rette slik at elevane lærer av det.  For feil er det ikkje vanskeleg å finne!  Det er ikkje der problemet ligg.

Nok med ein k i nok
Dette er ein ny regel for tiandeklassingane.  Det er i alle fall nokon som hardnakka hevdar det.  Når ein får raud strek under eit ord, må det då ringe ei bjølle!

Neste bøyg er skilnaden mellom vel og vell.  Her får ein ikkje hjelp av datamaskina.

Datamaskina liker å dele opp ord.  Her har retteprogramma vorte betre. Men ein får ikkje hjelp til å skilje mellom halv steikt og halvsteikt.

Henda og føta
Ein lærer mykje om dialekta når ein rettar.  Eg ser at mange av spådomane frå 80-talet har slått til.  Vi seier snart vi på heile Sunnmøre.  Når elevane skriv henda og føta, så kjem vel det frå hovudstaden?  Teoretisk sett bør dei seie det i Ålesund først.  Ingen har spist enno.  Men kvart år les eg gjennom kva elevane har spist
i Polen. Mitt slagord om at  "oss æte på Hareid" slår ikkje gjennom.  Eit anna bokmålsord som har kome inn i dialekten er foran.  Framfor er eit framifrå ord å bruke!

NB!
Legg merke til første avsnitt i dette blogginnlegget.  Korleis skal ein hjelpe folk som skriv på den måten?

onsdag 29. desember 2010

Spenning til siste slutt

 Det er alltid kjekt å vinne!  Og det er verst å vere keeperens mor, bruker eg å seie.  Her leiar dei 1-0 og keeperen har redda ein av mange sjansar.
 Eg tok ikkje fram lommekameraet før finalen.  Men semifinalen var mykje jamnare.  Stemninga der var oppheita til tider.

I finalen tok det andre laget time-out og tok keeperen sin ut dei siste minutta.  Eldstemann scora det siste målet då han kom inn heilt mot slutten.  Dei tre brørne sit framme mot høgre.

Det enkle er ofte det beste - eller - heia Camorra?

Mamma, du treng berre å kome til finalen!

Det tek eg ikkje sjansen på.  Etter ei handlerunde i både by og bygd, fekk eg ny forsyning med ferske gardsegg. Lunsjen bestemte seg sjølv!  Eg kjøper ein slik boks med ansjos til kvar jul.  Elles i året går det i den ferdigreinsa.

No skal eg begynne å engsjere meg i årets romjulsfotball.  Heia Camorra!
http://grendacupen.hareidil.no/#cid=28

tirsdag 28. desember 2010

Byggrynskrem steg for steg

 Idéen til å lage byggrynskrem fekk eg på Frukost-TV.  Oppskrifta der var med 2 dl fløyte, så eg gonga den med 1,5, og laga den med ein pakke fløyte.  Det einaste som er vanskeleg med denne desserten, er at du må kome på å legge gryna i blaut kvelden før.
 120 g byggryn + bløytevatn

9 dl mjølk (Eg brukte H-mjølk.)
4 1/2 ms sukker
1 1/2 ts vaniljesukker
1 1/2 krm salt

1 pk fløyte
 Gryna skal koke 15 i bløytevatnet.  Sil av resten før du har i mjølka og kokar graut.  Eg venta med å ha i sukker og salt til slutt.  Koketid ca 45 minutt.  Lengre viss du berre set plata på 1 og rettar stilar.

Eg smakte på denne grauten for å sjekke om den kunne vere eit alternativ til risgraut.  Eg synest den var nydeleg.
Raud saus
2 dl saft
3 dl vatn
(1 ms sukker om safta di er heimelaga og litt sur)
1 ms potetmjøl

Bland saman alt i ei panne og kok opp.  Sausen er ferdig når du ser den første bobla.
Viss du bruker ein fin mugge, kan det vere lurt å varme han med å ha varmt vatn i han på førehand.

Kvardagen kallar...

I dag er resten av familien opptekne med Grendacupen.  Gutane spelar på same lag, frøkna stiller i dameklassa.  Sjølv har eg , som de kanskje skimtar på bildet, drive med matlaging og retting. Eg skal "knekke" nynorskbunken i løpet av dagen har eg tenkt.  Til middag laga eg Coop kupp. Ein treng litt mager mat om ein skal orke dessert.  Ein grovbrøddeig står til heving. Elles skal eg gjennomføre tysdagsturen saman med ei venninne i dag.  Ingen grunn til å skulke når gradestokken kryp opp mot  -8 grader.  Ein kvardag er akkurat det eg treng i dag!

mandag 27. desember 2010

3. juledag

 I dag har vi vore med å arrangere julefest på bedehuset.  På føremiddagen pynta karane juletreet og vi to damene handla og pynta bord.  Der var varmt og godt i salen.  me då vi skulle sette koppar på borda, oppdaga vi at vatnet var frose.  Heldigvis rann der kaldt vatn i to kranar, og toaletta virka.  Men røra til oppvaskmaskina og kaffimaskina var tette.  Vi var snare å handle pappbeger og papptallerkar.  Kaffitraktarar tok vi med heimanfrå.  Festen gjekk fint, og oppvasken har aldri gått så raskt!
I morgon startar romjulsmoro for borna i familien.  Grendacupen har si eiga side for dei som vil følgje med.

søndag 26. desember 2010

2. juledag

I dag samla Besta og Besten slekta til treff i Ørsta.  Søskenbarna var ein tur ut i -16 grader, men det vart mest inneaktivitet.  Mykje god mat og prat vart det som vanleg.  Det er framleis kaldt på Sunnmøre.  I Ulsteivik var det -8 grader medan det på Hareid er -16.

Julefilm

I går såg vi den første av alle filmnane eg har fått til jul.  Også denne gåva seier vel noko om mottakaren!

Filmen baserer seg på to sanne historier.  Julia Childs, også kalla Amerikas Ingrid Espelid, og matbloggaren Julie Powell som vert inspirert av kokebokforfattaren.  Historiene i seg sjølv er enkle.

Det som løftar filmen er Meryl Streep sine skodespelarprestasjonar.  Det vi har sett av Julia Child i Noreg, har vore nok til å forstå at ho er litt av ein type, og det får Meryl Streep fram på ein meisterleg måte.

For spesielt interesserte: På YouTube finn ein mange klipp både av Julia Childs og klipp frå filmen.

lørdag 25. desember 2010

Mor bloggar. Far joggar.

Nærare bestemt 22 km i 16 minusgrader.

1. juledag: Vis meg ...


... bordet ditt, og eg skal seie deg kven du er?  I dag har eg funne fram ein juleduk som eg kjøpte etter jula i fjor på -70% på Kid.  Det vil seie, eg kjøpte like godt like dukar til alle borda mine.  Serviettane med julesongnotar på, fann eg på Nille til 5 kr pakken.  På menyen i dag stod lutefisk i tillegg til restar frå i går.  
 ... julegåvene dine, og eg skal seie deg kven du er?  Blogglesarane får ikkje sjå alt eg har fått, berre eit par smakebitar i dag.  Eg ser ikkje vekk frå at fleire kjem på bloggen seinare, spesielt slike som krev litt aktivitet. Denne quiz(eg gler meg til det vert lovleg å skrive kviss)-boka inneheld akkurat den type spørsmål og svar som eg synest er interessante.
 Bok under er eit lite spark til meg.  Eg har nok irritert på meg ein del folk med å vere noko påståeleg i spøkelsessaka.  Eg har aldri meint å såre nokon, berre "misbedømt" mitt publikum.  Ein bør ikkje le av det andre tek alvorleg.  Det var sjølvsagt det berømte TV-programmet som utløyste diskusjonen.
Eg reknar med at dei fleste blogglesarane har fått mykje å kose seg med i dag.  Her går det i spel, bøker, filmar og musikk.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...