søndag 31. januar 2016

Sørlandskofte

Eg fekk som kjent "Kofteboken 2" til jul. Eg studerte dei ulike kuftene nøye før valet fall på Sørlandskofta.  Eg valde ein sid variant i ein farge som skulle matche støvlettane eg kjøpte for julegåvepengar.

Det må vel vere lov å seie at eg er godt nøgd med resultatet! dette er eit plagg eg kan flytte inn i.  I går låg eg på golvet og strekte kantane passeleg medan eg sydde dei på. Dei fleste kuftene i boka har slike kantar.  Eg skal gå med på at det er pent, ikkje minst på side plagg.  Men det er krevande å få pent, synest eg. 

Garnet eg har brukt, er Sandnes alpakka.

12 kommentarer:

  1. Nydeleg jakke du har laga (no igjen...). Ha ei fin februarveke!

    SvarSlett
  2. Ei flott kofte.
    Du er flink.
    Ha en herlig februarmåned :)

    SvarSlett
  3. Nydeleg jakke! Fint med nøytrale fargar. Stolpane ser fine ut.

    SvarSlett
  4. Lekker !
    Den kunne eg godt tenkt meg !!

    SvarSlett
  5. Kofta vart fin. Kjekt med noko litt sidare innimellom. Det går fort unna med prosjekta dine.

    SvarSlett
  6. Dinna kledde du, Solveig! Kjempefine!

    SvarSlett
  7. Tusen takk alle saman! Det eg likte med mønsteret, var at det var så enkelt. Elles så synest eg det er fint med sid jakke til høge støvlettar.

    SvarSlett
  8. Veldig fin jakke på ei veldig fin dame! :)
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk!
      Etter ei vekes strikkepause strikkar eg no genser.

      Slett
  9. For ei nydelig kofte. Hvor får man tak i dette mønstret? Hvilket garn er den strikket i?

    SvarSlett
    Svar
    1. Kofteboken 2 - ute på sal no. Eg strikka i Sandnes alpakka. den har tolt godt bruk.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...