mandag 25. januar 2016

Aldri meir!

Eg har lova meg sjølv meir enn ein gong at eg ikkje skal strikke stolpar i høgda.  Det er eit skikkeleg pirkearbeid å sy dei pent på!  Så langt kom eg på venstre stolpen i dag.  Eg har tenkt å sy på knappane før eg strikkar og syr på høgrestolpen samtidig som eg lagar knappehol. 

Laurdag tok eg meg ein bytur for å kjøpe slike knappar. Handarbeidsbutikkane har ikkje langope der. Eg kan ikkje hugse sist eg for på laurdagshandel åleine.

Eit anna prinsipp eg har brote, er ein ting om gongen.  Før jul mangla eg garn. Det hadde eg tenkt å ta som ein strikkepause, men då fekk eg høyre frå fleire hald at ein må ha ulike strikk på gang.  Så vart det til at det eine drog med seg det andre.  No har også eg eit par UFO-ar liggande ...  Når dei er ferdige, vert det attende til ein ting om gongen, eller kanskje to.

2 kommentarer:

  1. Eg strikka sånne stolper på Fanajakka mi, og det var skikkeleg pyton!! Eg sydde dei på frå retta.

    SvarSlett
  2. Det gjer eg og! Dessverre er det slike stolpar på mange av koftene i kofteboken 2. Men pent blir det - om det vert pent gjort!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...