mandag 23. november 2015

Badet er ferdig!

 I dag har elektrikaren lagt siste hand på verket.  No har varmekablane kome på og badet kan takast i bruk. Det er herleg etter sju veker med berre eitt bad, også kalla i-landsproblem.  Snikkaren har også jobba med eit anna prosjekt i huset.  Det får eg kome attende til.
 Sidan det berre er ei veke att til advent, har eg like godt leita fram julehanddukane og julesåpa.
 Vi valde litt andre fargar enn oppe.  Denne gongen ville vi ikkje ha kvit innreiing.  Golvfargen er litt lysare enn oppe. Blogglesarane får ikkje sjå før-bilde, men de kan tenke dykk eit rosalilla bad frå 90-talet.  Det var begge bada.  No er dei i nøytrale fargar.  Så kan ein variere med handdukar og såper etter kvart som motane skiftar.
Ein detalj som er lik på bada, er toalettbørstane som eg fekk plassert på veggen.
2 x 3 knaggar til handdukar, badekåper og anna.
Ein kan velje mellom liten, lav dusj og høg, litt større.

Korleis eg skal utnytte desse skuffene best mogler, er eg usikker på.  Kanskje til toalettvesker og smykkeskrin?
 Eg har tenkt å ha litt plass til kle øvst, og vaskemiddel og dorullar nedst.
I skapa bak speglane er det plass til mellom anna sjampoar og parfymar.

No skal eg fylle skuffer og skap, ikkje heilt håper eg.

6 kommentarer:

  1. Badet ser lekkert ut ! Kjekt at de har fått det ferdig. Så får de lage ønskeliste om det er noko meir de treg for å piffe opp.

    SvarSlett
  2. Vi kjøpte ein skuffeseksjon til badet for nokre år sidan. Der har eg t.d. undertøy og lestar. Det er eg veldig fornøgd med.

    SvarSlett
  3. Ser ut som et flott bad. Godt med skap og skuffer.
    Er veldig godt å legge ting i hyller og skuffer å oppdage
    at en har god plass. Kos deg :)

    SvarSlett
  4. Eg har sett av plass til dei unge mennene som kjem heim til jul. Så kan dei ha toalettvesker i skuffa og barbersaker i skapet.

    SvarSlett
  5. Gratulere!
    Vi "fekk" oss nytt bad i hovudetasjen i sommar.
    Herleg :-)

    SvarSlett
  6. Gratulere med lekkert bad.
    Mange praktiske detaljar her.
    Skuffer er kjekt, der er plass til mykje, (men kjekt for 2-3 åringar og tøme.....;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...