mandag 25. mai 2015

2. pinsedag

Tidlegare i veka var det meldt 12 grader og halvskya ver til i dag.  Det var då eg bestemte meg for den årlege Melshornturen.  I går vart det meldt 6 grader og litt regn.  Det var då eg ombestemte meg.  I dag tidleg stod eg opp og såg skodde på fjellet.  Noko bildebesvis vart det ikkje til at eg skaffa meg.

Så fekk eg gjort litt fornuftig arbeid før eg gjekk meg ein tur.  Bildet er frå hagen til ein rhododendronentusiast. Eg synest dei er finast i overskya ver.

I kveldninga har eg lese meg opp på pensumlitteratur.  Læreverket er nytt for meg, så eg har ein del å setje meg inn i. Det er ikkje eg som skal opp til eksamen ...

3 kommentarer:

  1. Ser ut til at du klarer å snu deg om..
    Planar kan ein ha, men viktig å kunne lage nye når forutsetning for planen ikkje er tilstade.
    Yr.no har ikkje vore heilt å stole på i det siste.
    Ha fin ny veke :-D

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Det er heilt sant!
    Ei fin veke til deg og!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...