fredag 22. august 2014

Acnegenseren ferdig!

 Det vart freistande å strikke på Acnegenseren i staden for å monterre den andre.  Ei venninne av meg har strikka den til seg sjølv, men var ikkje heilt nøgd med halsfellinga.  Ho strikkar til ein til dottera, og no ville ho felle på ein annan måte.  Eg prøvde å gjere slik som ho forklarte ho vil gjere det.
Dermed vart genseren litt høgare bak.  Halsen er vid nok, så eg trur "looken" er som han skal vere!

Eg brukte oppskrifta som eg fann her.  Garnet er Faerytale. Fargen er litt annleis. Eg brukte eit nøste mindre kvitt enn i oppskrifta til "small".

2 kommentarer:

  1. Den ser veldig fin ut! Har sett på dette mønsteret i sommar, men har så mykje anna som må gjerast ferdig....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...