fredag 31. januar 2014

Tupperware riskokar

 På eit Tupperwarekupp kjøpte eg ein riskokar til mikrobølgeomn.  Denne var julegåve til meg sjølv.  Det er berre det at eg har gløymt å bruke vedunderet. Bruksanvisninga veit eg ikkje kva som skjedde med.
 I går tok eg meg endeleg på tak.  11 minutt i mikroen var den einaste oppskrifta eg hadde.  Så eg kokte opp vatnet i vasskokaren, hadde i ris og salt og let det stå til.
Etter 11 minutt tok eg riskokaren ut.  Risen vart heilkt perfekt, vil eg seie. Metoden var lettvint og rask!

I dag lufta eg problemet på lærarrommet.  Der er det alltid nokon som veit.  Ein treng ikkje koke opp vatnet på førehand, noko eg eigentleg hadde ein mistanke om. Elles fekk eg vite at der er ein strek for kor mykje vatn ein kan ha i kokaren. Restar kan ein fint oppbevare i bollen. Ulempa er at ein ikkje kan koke graut på restane slik ein kan gjere i ei panne.

7 kommentarer:

  1. Eg har no kokt ris i mikroomnen i årevis i ei vanlig skål, utan problem. Kaldt vatn+ris i 20 min. Så får eg ta ein vanlig kasserolle og koke graut av restane- om der er noko att. Men denne er sikkert lrare sidan der er lòk på. Lòk som slepper ut damp.

    SvarSlett
  2. Høyrest lettvint ut, og sikkert greit for å få risen akkurat nok kokt.
    Eg har kjøpt så mange Tupperwareting i haust at no er det kjøpestopp.
    Eg skal prøve metoden til mor di neste gong eg kokar ris.

    SvarSlett
  3. Og eg vil gjerne ha ei slik tupper-skål viss du får tak i.

    SvarSlett
    Svar
    1. Et år etter, men dersom du fremdeles ønsker en Easy Rice som den heter, så selger jeg. Koster 269 kr. :-)

      Slett
  4. Ho someg kjøpte med har slutta, men det finst vel andre ...

    SvarSlett
  5. Og det er no snart morsdag......................

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...