søndag 19. januar 2014

Slektstreff

 Tradisjonen tru vert peparkakehuset, i år husa, knuste på Håkon sin gebursdag dei åra vi har hatt slikt.
I går pynta frøkna marsipankaka eg hadde fylt med aprikos.  Eg angra litt på at eg ikkje hadde bringebærsylte og vaniljekrem i slik dei yngste liker den.  Marsipankakeloket kjøpte eg ferdig utkjevla.  Det synest eg er lurt, for marsipanlaget vert mykje tynnare.

Eg reknar med det kjem fleire bilde på dei andre bloggane i løpet av kvelden.

Elles har eg tenkt mykje på ei bloggvenninne (som eg kallar det) i Lærdal. Ho har tidlegare lagt ut fleire bilde av dei verneverdige husa.  Akkurat kvar ho sjølv bur, og om ho er sterkt råka, veit eg ikkje.  Uansett er heile samfunnet prega av det som er skjedd.  Heldigvis kom alle velberga frå brannen. Om ein ikkje sender varme tankar til dei, slik ein kom i skade for å gjere, så i alle fall håpe dei vert godt tekne vare på.

4 kommentarer:

  1. Vel overstått selskap !
    Det er ufatteleg det som har hendt i Lærdal.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sant! Og det har gått utruleg bra med innbyggarane.

      Slett
  2. Gratulere med overstått!
    På onsdag er her 20års dag i huset (og 22års dag, men han er i Trondheim). Kjekt!
    Må vere hardt å oppleve det som Lærdal har gjort..
    Ubegripeleg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur det kan kome noko godt ut av brannen og. Då tenkjer eg på vern av hus.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...