mandag 12. august 2013

Siste innspurt

Det har vore siste fridag for mange i dag.  Sjølv har eg ein dag til.  Og det er så mykje eg har lyst å gjere!

Mannen og eg har vore på handlerunde på Moa i dag.  Eg løyste inn eit gåvekort og fekk meg eit par fine øyredobbar. Dei vart ikkje heldige på bilde, så det får vere.

Det var helst på mannfolkbutikkar vi gjekk i dag.  Eg kika innom nokre interiørbutikkar, slike som vi ikkje har her på øya.  Dette kruset kjøpte eg til sjusovaren i familien på Kremmerhuset.

Dei som ikkje er ven med meg på facebook eller les Vikebladet kan sjekke her kva mannen har lada opp til i det siste.

Eg ser i høgremargen på bloggen at mange driv med safting og sylting for tida.  Her er bæra så vidt modne.  Veret freistar ikkje til bærplukking.  I verste fall får vi røske dei raskt av og koke saft når den tid kjem.  Men vi kan no håpe på betre ver til helga.

2 kommentarer:

  1. Gratulere med medaljen til mannen !
    Eg las høgt for min mann om det tidlegare i dag :)
    Eg ventar på at ripsbæra skal bli tørre så eg kanskje kan starte å plukke til gele. Men i dette regnveret må det vente.

    SvarSlett
  2. I år hadde eg tenkt å koke solbærsylte etter Gunda si oppskrift. Til no har vi berre ete av bæra, og det er no det viktigaste. Det hadde gjort seg med opphaldsver! Kjekt med medalje, ja!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...