onsdag 7. august 2013

Så langt - så godt

Det har vorte litt strikking i sommar.  Valet fall på den blå kofta, eller jakka i kofteboka.  Det går greitt å strikke mønsteret rundt.  Eg har lagt opp fem masker der eg skal sy og klippe.  Maske 2 og 4 strikkar eg i mønsterfargen for å gjere det lettare å sy saumane beine.  Som de ser, er mønsteret lett å følgje.  Det viser detaljert kvar ein skal minke og auke.  Når eg kjem opp til ermane, har eg tenkt å felle av og legge opp att.  Fellinga får eg spekulere litt på korleis det vert finast.  Halsen tek eg heilt til slutt, trur eg.  Kragen trur eg at eg vil ha rund og smal, ikkje som i dette mønsteret, men eit anna.

Garnet eg strikkar i er Hverdags.  Eg liker dei fargane som er dusare og passar godt saman, synest eg.

2 kommentarer:

  1. Kofta ser kjempefin ut, og eg beundrer deg som orkar å sette i gang slike prosjekt. Forresten strikka eg vel ganske mykje då eg var på din alder-og før.

    SvarSlett
  2. Det gjorde du - til mange! Eg har kome til at det er lurt å legge meir arbeid i å lage tynne plagg, for dei er meir anvendelege.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...