lørdag 3. august 2013

Heimturen

Det regna trollkjerringar då vi forlet Kongsberg i dag tidleg, og det heldt det på med også på turen over Sognefjorden. Sterk, men mild vind gjorde at det ikkje vart nokon tur ut på dekk på ferja.
 I bokbyen Fjærland vart veret litt likare.
Finn feilen!
Noko hadde endra seg i Fjærland-  Kva kunne det smale huset vere for noko?
 Jau, her hadde dei laga eit lite "museum" av eine bomstasjonen.
Mang var nok glade for å kunne parkere dette skiltet.
Breen i Fjærland.
Turistskip i Olden.  Dei hadde kanskje kome for å sjå ein annan bre?

I Nordfjord skein det opp.  Velta tre røpa at veret kanskje hadde vore annleis før vi kom?

Også i år kan vi slå fast at det skjer mykje godt vegarbeid rundt om i landet.  Det var liten trafikk i vår retning.  Så turen over Hemsedal gjekk radig.  Vi prøvde ein ny veg for oss slik at vi kunne sleppe å ta fleire ferjer.  Over Utvikfjellet var vi budde på smale vegar, men det gjekk eigentleg heilt greitt.  Men noko så dårleg veg som mellom Innvik og Olden, er det lenge sidan vi har sett.  Det såg ut til at der skal skje utbetring?

No skal vi slappe av etter ein kjekk ferie!

6 kommentarer:

  1. Vegen mellom Innvik og Olden har vore under arbeid lenge, der var mykje grums då vi reiste der i november i fjor. Den vegen vart først kosta av Singer, som også finansierte sjukehuset på Eid. Ser at de tok same vegen som vi sist vi var i Kongsberg. Ferjefritt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Der var nok nokre bitar som berre har vorte asfalterte sidan Singer kosta han ... Då var det nok eit fantastisk framsteg!

      Slett
  2. Innfjordingane er tilbydde gåvepakke på x antal millionar og riksvehstatus, men har takkka nei. Dei vil ha E39 i indre og bru langt inne i fjorden. Avisene er fulle av innlegg om dette no. Vi ønskjer sjølvsagt bru over Anda Lote og europavegen over Stigedalen. I Sogn og Fj går argumenta på kva ein kan spare, ikkje på kva som må til av løyvingar, slik som i nabofylka.
    Velkomne heim frå tur!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Ja, takk, begge delar ville ein kanskje seie på Sunnmøre?

      Slett
  3. I gamle dagar når vi reiste til Innvik, henta dei oss med motorbåt på Faleide, for at vi skulle sleppe vegen gjennom Stryn, Loen og Olden. Nils vil ha bru der, mens eg går for Lote -Anda.Begge deler får vi nok ikkje.

    SvarSlett
  4. Når no vegen først er laga til Stryn, trur eg nok han vil gå der ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...