mandag 5. august 2013

Banan- og hasselnøttkake

Då eg kom heim frå ferie, låg det nokre overmodne bananar på kjøkenbenken.  Eg bestemte meg for å kvitte meg med dei i ei banankake frå den italienske bakeboka mi.  Det var nok litt for overivrig å putte ein ekstra banan i sidan der stod tre store bananar.  Kaka kunne vore litt fastare.  Blogglesarane får lære av mine feil.
130 g smør
150 g brunt sukker

2 egg

100 g hasselnøtter, hakka
3 store, svært modne bananar, mosa
240 g kveitemjøl
1 ms (15 ml) bakepulver
1/2 ts riven muskat
1 klype salt
1 klype nykverna pepar
1 ts vaniljeekstrakt (eller vaniljesukker, helst ekte)


Set omnen på 180 grader
1. Rør smør og sukker til det vert lett og lyst.
2. Ha i egga - eitt om gongen.
3. Ha i hasselnøtter og bananar.
4. Sikt på det tørre.  Ha i vaniljeekstrakt.
5. Rør deigen saman - ikkje meir enn nødvendig.
6. Ha røra i ei smurd form 1 1/2 eller 2 l, eller bruk eit halvt pizzaark som eg.
7. Steik kaka i 55 minutt.
8. Sjekk at kaka er gjennomsteikt. I Italia bruker ein spagetti til dette.

Cool and enjoy with your afternoon tea!

Kaka er relativt lite søt, kanskje fordi den passar til ein kopp te med sukker?  Til meg er den rikeleg søt nok også til kaffi.

Ei kritisk røyst i familien spør om afternook tea er eit måltid i England i 2013 - eller berre på Downton Abbey? Kanskje blogglesarane veit?

I vår måltidsrytme er det ikkje noko måltid som heiter kaffi i kvardagen lenger.  Vi tek oss ein kaffikopp etter middag, og så er neste måltid kveldsmat.  Det er lenge mellom kakene her i huset.  Kjeks og liknande kjem eg ikkje på å kjøpe. Men no får vi ta oss litt kake til kveldsmaten!

2 kommentarer:

  1. Får prøve den banankaka ein gong. Når eldstemann flyttar til Bergen, blir det kanskje håp om å finne overmodne bananer her og.... Afternoon tea er veldig populært i England for tida, las eg ein plass. I Australia kallar dei det High tea. Det er populært i begge landa å innta måltidet på fine hotell. O og eg fekk oppleve det på Sølvbryllaupsdagen vår. Viktig å ha eit rundt etasjefat, noko eg har skaffa meg...

    SvarSlett
  2. Vi såg det i London då vi var der. Men det er ikkje noko ein kan droppe innom. Det må bestillast i god tid og det er dyrt. Eg har lyst på eit slikt fat, gjerne som suvenir frå London. Det er visst noko om kva som skal ligge på kvar etasje og kva som skal etest først, har eg forstått. Men er det eit vanleg måltid for folk flest?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...