fredag 10. mai 2013

Stevia

Eg har vore litt nysgjerrig på dette søtstoffet stevia, men gjerrig nok til ikkje å kjøpe det.  Men når Lerum går ut med at dei skal lage saft og sylte utan kunstige søtstoff, då må eg prøve.

I sommar kjøpte eg "Safting og sylting heile året" og laga mange av syltetøya der i tillegg til eigne variantar..  Eg har faktisk hatt heimelaga sylte til no.  Heilt tomt er det heller ikkje.  Men det hender no det dett eit eller to sylteglas ned i handlekorga.  Favoritten er kanskje Nora sitt "Narurlig lett".

Kan Lerum konkurrere? Først les eg på glasa.  Begge inneheld omtrent 45 % bær.  I Lerum sitt er det vanleg sukker (22%) i tillegg til Stevia.  Lista av tilsetningsstoff er lang på begge glasa. Nora sitt har friskast farge.  Konsistensen er omtrent den same.  Dei to glasa kostar omtrent det same, 28 kroner, men storleiken er ulik som de ser.  Etter mi meining smakar Nora sitt syltetøy friskast og best.

Neste gong eg lagar vaflar, skal eg ta opp ein pakke jordbær frå frysaren , drysse litt sukker eller melis på og ete halvtina. Det kan konkurrere både i pris (17,50 for 500 g i dag), og ikkje minst smak.  Og med at med eit bærinnhald på 80-90 % vil dette og bli eit langt sunnare syltetøy.


7 kommentarer:

  1. Eg har Stevia i skapet, men folk har fortalt at det set usmak på ymse mat, og så har eg ikkje høyrt så godt etter at eg har fått med meg kvar ein IKKJE skal bruke det. Derfor torer eg ikkje å bruke det anna til å drysse på her og der. Men vi brukar så lite sukker i maten at eg trur ikkje det er så stort problem om vi et vanlig sukker.Lerum si jordbærsylte har eg ikkje smakt, det er Nora si eg serverer til vaflar når vi har besøk.

    SvarSlett
  2. Berre hald fram med det! :-)

    SvarSlett
  3. Kjekt med matforsking!
    Absolutt best,sunnast og muligens billigast å lage det sjølv.
    God helg :-)

    SvarSlett
  4. Er jo absulutt best det en lager selv.
    Både med og uten sukker.
    Ha en god lørdag :)

    SvarSlett
  5. Greitt å lage sjølv viss ein har bær i hagen eller plukkar bær i skogen. Skal eg kjøpe frosne bær og så koke sylte blir det litt dumt. Derimot kjøper eg av og til vanlig søtt syltetøy og blandar med frosne bær-sånn 50-50; det blir godt!

    SvarSlett
  6. Og lurt! Ein kan røre/knekke med gaffel frosne bær og ha litt sukker på. Elles kjøpte eg frosne bringebær og rørte saman med sjølvplukka rips. Det vart også godt til vaflar.

    SvarSlett
  7. Eg lagar sylte og gele sjøl, det blir eindel sukkerbruk, men det er ikkje kvar dag me et sylte.
    Svært sjelden eg kjøper.
    Men takk for gode tips !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...