tirsdag 7. mai 2013

Opptur

 Turarrangørane hadde diskutert ulike alternativ heilt fram til i dag tidleg.  Dei gjekk for plan B.  På grunn av snø på den oppsette ruta nedover mot Overå, gjekk vi opp og ned same ruta.
 Kven skulle trudd vi fekk så fint ver?  I går kvel hølja det, men meldingane var fine.
 Det vart ein fin dag for lærarar og elevar.  Det vart topptur på alle.  Meistring gjer meister er det nye slagordet i skulen.  Om det er litt tungt undervegs, så er det berre så herleg å kome på toppen.
Her ser vi heimover.  Og så var der akkurat nok snø til ein liten snøballkrig.

Ein topp dag på jobb!

4 kommentarer:

  1. Dette såg heilt herleg ut!
    Ut på tur aldri sur :-)

    SvarSlett
  2. Eg har faktisk tenkt på dykk i dag. Heldige med veret iallfall. Gjekk frå Ulset då ?
    Trur eg såg ein stad at slike turar skulle arrangerast på fleire skular...
    Flott utsikt frå Melshornet !

    SvarSlett
  3. 8.klassingar i heile landet. Alle på ytre frå Ulset. Ålesund gjekk på Aksla, fekk vi vite.

    SvarSlett
  4. Ein nydeleg dag ute i øyane!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...