onsdag 24. oktober 2012

Og jula varer heilt til...?

Nei, det er ikkje det som er temaet for tida.  Men kor tid begynner jula?

Førre torsdag var eg ein liten bytur.  Butikken eg hadde tenkt meg på, hadde ikkje langope.  Då vart det til at eg gjekk meg ei runde på dei to kjøpesentera.  Eg var førebudd på at det skal kjøpast inn til halloween.  Som kjent er ikkje det yndlingdagen min.  Folk skal få feire i fred for meg.  Kanskje eg slår til med noko godt av graskar. Det starta vel med at Nille og enkelte andre butikkar hadde litt dårleg sal i oktober, tenker eg. Men no står altså halloween- og julevarer side ved side.

I dag vart julemannane diskutert.  Eg såg dei i sal i september i Stavanger. På lokalradioen i dag vart det hevda at dei kom frå Bergen.  Der vart dei kalla "spekulasjer" fordi bakarane spekulerte i å selje dei til vanlege folk.  Og når ein ser på prisen og kva dei er laga av, forstår ein at her er noko ein  kan ein gjere pengar på.  Ålesundaren som vart intervjua, meinte at her på Sunnmøre heiter det ikkje kakemenn, men julemanna.  Kanskje som eit resultat av dette, har fleire kome inn på bloggen min ved å søke på nettopp "julemanna".

Sjølv kom eg heim att med brødposen over.  Han var sjølvsagt å tilbod!  Den kan  høve godt til både rundstykke og aniskringler. Eg kan no ha raudt på kjøkenet mitt heile året.

3 kommentarer:

  1. Eg er sikkert svært gamaldags, syns halloweenfeiring er berre tull, "bortinatta "
    Brødposen din er fin, me har to stk i same farge. Fint på bordet heile året hos oss.

    SvarSlett
  2. 2 mnd til Jul og det er over 1 mnd sidan eg såg fyrste Julevarene snike seg inn i butikkane..
    Sjølvsagt må dei som skal strikke og evnt. lage til Julemesser ha vore i sving ei stund..
    Men eg meinar Jula kjem tidlegare og tidlegare kvart år.
    Ikkje akkurat glad for det nei..
    Men brødposen er fin den ;-)

    SvarSlett
  3. Juleblad med oppskrifter er greitt. Handarbeid tek tid. Julevarer no gjer at ein vert lei av jul lenge før jul. Vi må ta oss tid til å nyte november
    .

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...