søndag 28. oktober 2012

(Nesten) heime åleine

 Eg har betre vit enn å legge ut på nett at eg er heime åleine. Heilt sant er det heller ikkje, for yngstemann er her.  Øystein har vore i Riga på personaltur, og frøkna har vore på jentetur til Giske.  Så skulle ein kanskje tru at vi kunne leve på enkel mat?  Nei, då har eg invitert journalisten på middag.  I går serverte eg kyllinglår, og i dag slo eg til med heimelaga kjøtkaker.  Desserten kjem kanskje på bloggen i morgon.

Når det er så fredeleg i heimen, kan ein lytte til lydbok medan ein gjer andre ting.  Det aukar arbeidslysta.
Vi har nok litt mindre snø enn i meir indre strøk.  No har eg nettopp hatt meg ein køyretur i journalisten sin Golf.  Vi bytte bil sidan han skulle over Ørskogfjellet i dag.  Då kom eg på første gongen eg køyrde svigerfar sin Opel.  Det gjekk greitt heilt til eg skulle rygge. Girkassa var annleis bygd enn på Mazdaen. Men eg fann ut av det, med litt hjelp frå næraste nabo.

I morgon trur eg at eg går inn i den mest travle veka i året med to kurs og to kontaktmøtedagar.  Eg satsar på å kome innimellom med eit blogginnlegg kvar dag.  Men eg kjem til å gjere det enkelt!  Kurs fører ofte med seg inspirasjon.  Så det vert kanskje noko å dele med blogglesarane?

Då ønskjer eg dykk ei fin veke!

2 kommentarer:

  1. Alltid kjekt å lese innlegga dine.
    Det er imponerande at du greier å få til eitt kvar dag !!
    Hihi, kan tenkje meg nokon stussa av bildet ja...

    Lukke til med den travle veka !

    SvarSlett
  2. Og kjekt med positiv tilbakemelding!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...