tirsdag 16. oktober 2012

Kjøtpudding

Søndag bestemte eg meg for å lage ein enkel middag.  Som eit alternativ til kjøtkaker laga eg kjøtpudding. Det passa godt, for eg hadde kraft att etter lammefrikassé.  Det er eit godt grunnlag for ein god, lys saus. Ein kan bruke ei vanleg kjøtkakeoppskrift eller berre bruke pepar og muskatnøtt, ikkje ingefær.  Eg laga av 4 pk kjøtdeig, men oppskrifta under er til 3 pk. Her er det brukt måleskeier. Det er lurt å bruke stor kjøkenmaskin med K-spade.
1200 g kjøtdeig
1 1/2 -2 1/2 ts salt 
1 ts pepar
1 ts muskatnøtt
5 ms (3/4 dl)

6-7 dl mjølk, gjerne ekstra lett

1. Rør kjøtdeigen saman med salt, krydder og potetmjøl.
2. Spe med mjølka.  NB! Tynn stråle, litt om gongen.
3. Fordel deigen i to 1 1/2 liters former.  Steik ved 200 grader 45-60 mninutt.

Lys saus kan du lage anten med ristejamning eller starte med smør og mjøl.

4 ms flytande margarin/60 g smør (ev. meir om du ser det vert for tjukk jamning)
1 dl kveitemjøl
ca 1 l kraft (ev. buljong)
salt?
pepar
sitronsaft

1. Smelt smøret i ei panne.
2. Ha i mjølet.
3. Spe med kraft eller buljong.
4. Smak til med salt, pepar og sitronsaft.

Server kjøtpudding med poteter og grønsaker.  Ein kan koke grønsaker eller lage råkost.


7 kommentarer:

  1. Så lenge sidan eg har ete det :-)
    Det fekk eg lyst å lage!

    Fin kveld til deg!

    SvarSlett
  2. Det er sikkert fleire år sidan eg laga det sist. Men det vert nok oftare, for dette var populær mat.

    SvarSlett
  3. Før i tida fekk vi kjøpt ferdig farse i folieformer, på kjøttbutikken. Klar til å sette i omnen.No har vi ikkje slaktar-/kjøttforretningar lenger. Verda går ikkje berre framover.

    SvarSlett
  4. Ja, det kunne ein kjøpe på veg heim frå jobb i laus vekt her - og ferskt pålegg.

    SvarSlett
  5. Ditta ser kjempegodt ut. Lenge sidan eg laga
    kjøtpudding. Må til å prøve igjen.
    Har akkurat fått tak elg-kjøtdeig, veit ikkje heilt kva eg skal lage av den. Men kjøtpudding er antageleg ikkje tingen....

    SvarSlett
  6. Begynte å mimre om ein herleg butikk i Bergen rundt 1975, hugsar ikkje namnet, der kunne ein kjøpe med seg heimelaga middag, mellom anna kjøtpudding. Fekk lyst å prøve!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...