lørdag 20. oktober 2012

Havregraut

 I dag har eg tenkt å slå eit slag for havregrauten.

Eg har vakse opp med at havregryn er sunt. Havregryn med mjølk var ein vanleg kveldsmat. På 80-talet bestemte myndigheitene seg for at havresalet skulle doblast.  Det meiner eg det gjorde.

Havregryn er 100% grovt.  Dei inneheld mykje fiber og sunt feitt i tillegg til dei langsame karbohydrata.

Rundt om i barnehagar og skulefritidsordningar skulle eg ønskje dei tok puffa ris og corn flakes vekk frå menyen til fordel for havregryn og havregraut.
Oppskrift finn ein bak på pakken.  Ein kan lett koke seg graut i mikrobølgeomnen. Eg bruker litt mindre salt, og så har eg i litt sukker - sjølvsagt for å kunne gøyme unna sukkerskåla.  Vaksne får gjere som dei vil, men sukker er ei vanesak, og i Noreg et vi no altfor mykje sukker.  Dei siste tala eg høyrde, var at vi får i oss 15% av energien frå sukker.  Mitt råd er å eventuelt blande litt sukker eller vaniljesukker saman med kanel i ei skål, og så la borna heller få rosiner på grauten. For å få grauten raskare kald, kan ein slå på litt mjølk.  Til drikke er det lurt med litt appelsinjus for å auke jernopptaket.

1 l mjølk
1 l vatn
8 dl havregryn
1/2-1 ts salt
1 ms sukker

Kok opp mjølk og vatn.  Har ein det travelt, bruker ein vasskokar til vatnet.
Ha i havregryn og kok til graut.  Lettkokte havregryn kokar på eit par minutt.
Smak til med salt og eventuelt sukker.

Set gjerne fram litt frukt attåt også!

5 kommentarer:

  1. Då eg var lita elska eg havregraut, og den tida var det berre store gryn.Mor mi påstod at eg hadde så fin hud og fint hår på grunn av all havreetinga. Synd eg slutta med det. Får av og til ein raptus der eg et havregryn med surmelk og rosiner. Lenge sidan sist.Når eg var hos farmora mi fikk eg havrevelling til frokost.

    SvarSlett
  2. Flott påminning!
    Og du, i min barnehage elskar borna havregrynsgraut :-)
    Og dei voksne med.. Det er eg glad for!

    Fin helg vidare!

    SvarSlett
  3. Havregrøt er kjempegodt.... Etter min smak blir den best med store gryn og kokt kun på H-melk og uten vann.

    SvarSlett
  4. Eg skal innrømme at eg brukte store havregryn og mjølka var heil. Når ein underviser etter statens ernæringsråd sine reglar i arbeidstida, vert det litt feil å gjere noko anna i fritida - på bloggen ... Men eg innrømmer at eg ikkje er glad i alle lette produkt. I min barndom vart det omtrent rekna som barnemishandling å gje ungane skummamjølk. Her drikk dei lett og ekstra lett, men så "må" eg ha H-mjølk i hus til diverse matlaging.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...