tirsdag 2. oktober 2012

Dronningsyltetøy

Dette syltetøyet hugsar eg frå min barndom.  I seinare åt har eg berre sett det i svenske butikkar under namnet drotningsyltetøy, sjølvsagt.  Både blåbær og bringebær kokar raskt, så dette syltetøyet lagar ein lett.
750 g blåbær
750 g bringebær
(litt vatn om bæra ikkje har vore frosne)
1 pk pektinpulver
6 dl sukker

1. Kok bæra i 5 minutt.
2. Ha i pektinpulver.  Kok eitt minutt.
3. Ha i sukkeret og kok opp.
4. Ha på reine glas.


5 kommentarer:

  1. Den sylta er god, men eg har ikkje fått den til slik eg vil ha den, så i år har eg ikkje prøvt.
    Eg skal skrive ned oppskrifta di. Takk :)

    SvarSlett
  2. JA det er et godt syltetøy.
    Men det er så sjelden jeg får plukket både bringebær og blåbær samtidig. Men en kan jo se etter det i butikkhyllene når en er i Sverige. Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  3. Takk for det!
    Ut over vinteren må det vere lov å plukke i frysedisken ...

    SvarSlett
  4. OK. Eg ser at det ikkje er berre reine matbloggar som er med. For meg er blogging ein hobby som eg i varierande grad bruker tid på. Eg tenker at det bør berre vere lystbetont utan plikter for meg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...