søndag 14. oktober 2012

Bok 49: Siste natt i Twisted River

Eg har ikkje lese bøker av John Irving sidan eg las Hotell New Hampshire på 80-talet.  Den romanen gjorde eit sterkt inntrykk.

Når eg no har lese Siste natt i Twisted River, så sit eg att med eit inntrykk av at ingen andre kunne ha skrive romanen.  Ein kjenner att fleire typiske trekk.  Her er død og ulykker, merkeleg kjærleik og bjørnar. Og forfattaren viser ei fantastisk forteljarevne.  Dette er litteratur i særklasse. Han har og fletta seg sjølv inn i historia på ein finurleg måte. Les gjerne meir om innhaldet på Bokkilden.

Om blogglesarane ikkje har lese bøkene, så har dei sikkert sett filmatiseringane av dei.

Ein må setje av tid til lesing av Irving.  Eg har hatt denne liggande til ferien, 631 sider eller 19 CD er ei "leseløft".


5 kommentarer:

  1. Imponert over deg!
    Dyktig lesar :-)

    Har alltid lyst,men får ikkje tid diverre ..
    Men handlar nok om prioritering ;-)

    Fin veke til deg B-)

    SvarSlett
  2. Det er ei god stund sidan eg las den boka. Hugsar at den var eventyrlig og mangfaldig men ikkje topp litteratur. Dei fleste blir litt skuffa over den, kanskje for at forventningane er skyhøge.

    SvarSlett
  3. Tror bare jeg har lest Sirkusbarn av John Irving, og det er mange år siden. Det jeg husker av den var at den var slik skrevet at jeg virkelig kjente luktene og hørte lydene han beskrev, og at jeg fniste og lo uhemmet i senga om kveldene mens jeg leste boka - av hva husker jeg ikke lenger :)

    Ønsker deg en fin høstdag!

    Kari

    SvarSlett
  4. Har lest både 'Twisted River' og 'Hotel New Hampshire' i det siste, og flere av Irving tidligere. Liker hans bisarre humor og ikke minst alt som foregår, aldri en kjedelig side i hans bøker. Nå står 'In one Person' snart for tur... Gleder meg!

    SvarSlett
  5. Eg og har lyst å lese den siste, men eg trur eg skal lese litt anna først. Nokre forfattar kan ein lese mange bøker av i slengen, andre kan ein lese ei no og ei då, meiner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...