fredag 20. juli 2012

Prøving og feiling

 "Eg trur du treng meir øving!" var dommen i dag.  Eg tok med meg telefonen ut for å prøve fotoapparatet.
 Sola kom fram her, men det bles, så små blostrar flytta seg etter at ein hadde fokusert.

Eg sådde busknellik for mange år sidan, og dei har sådd seg sidan.  Eg hugsar eg plukka dei inn til barnedåpen til ho som no var konfirmant.
 Liljer er kanskje den blomsteren som står best i vind og regn.  Rosene dett heller ikkje saman. Dette er ei potterose frå i fjor.
Ein asters er synest å hugse eg kjøpte på Mester Grønn i fjor.  Der har dei staudar av og til.

5 kommentarer:

  1. Er det noko eg likar godt så er det å knipe nokon i å skrive feil. Sjekk bøyinga av "å blåse."
    Veldig fine ærbilde på smart-telefonen.

    SvarSlett
  2. Det blæs no, men eg er einig i at eg burde skrive i fortid. Vert endra!

    SvarSlett
  3. Måtte endre fleire verb, vart litt rotete.

    SvarSlett
  4. Såg etter at eg hadde skrive, at du opererte med fleire tider, då kan ein kome i tvil om kva som er rett.

    SvarSlett
  5. Eg følgde ikkje mitt eige råd: Skriv alltid i preteritum.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...