mandag 30. juli 2012

Måndag er ikkje museumsdag

 I går gjekk vi rundt i Hamar sentrum og såg oss rundt.  Der er ange fine parkar med statuer og blomstrar.  I dag fann vi ut at vi kunne ta oss ein tur til Domkirkeodden før vi for til hovudstaden.
 Museet var stengt, men ein kunne gå rundt og sjå seg rundt.  Det var visst dagen for vindauspuss.
 Nokre hadde tatt med seg kjølebagar med mat og sett seg ned ved borda der.
 Vi berre gjekk runt og såg på husa.  Eg kan godt tenke meg å vere der i opningstida ein annan gong.  Urtehagen er sikkert verdt eit besøk.
Dette bildet tok Øystein med mobilen.  Eg fekk lagt det direkte ut på facebook. 
På Ekebergsletta låg jentene under 0-1mot Råde, men vann 4-1, ein spennande kamp med andre ord.

7 kommentarer:

  1. Lukke til på Norway Cup. Kjekt å vere der !
    Med meg skar det seg heilt å blogge frå mobilen. Det enda med at eg fekk beskjed frå Blogger at bloggen var sletta !!! Uvedkomande hadde komt seg inn...
    No har eg endeleg nett så eg får bruke iPaden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjedeleg når slikt skjer. eg begynner å bli fortruleg med mobilen. Eg treffte ein av "guane mine" på sletta. Han gjorde store auge då han såg den nye mobilen min. Den gamle er vel berykta i ungdomsmiljøet ...

      Slett
  2. Så stilig!

    trudde nesten du ha tatt mitt bilde ;-)
    det øverste bilde har eg også tatt for få dagar sidan..

    Kos dokke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Det er ein stad vi gjerne usar forbi fleire gonger i året.

      Slett
  3. Ja det var det jeg mente at det var vikingeskipet jeg såg på det forrige innlegget. Mye fint å se i Hamar. Flott på Domkirkeodden.
    Lykke til med kampene i Norway Cup :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! No har jentene vunne to kampar, så då har det vore ein suksess uansett korleis det går vidare.

      Slett
  4. Når eg no ser på bildet,ser eg at der nok var ope. Vi var vel berre litt tidleg ute.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...